Presentasjon av LÅMØ Vest 2018 symjarane til Førde IL Symjing

Postet av Førde IL - Symjing den 6. Feb 2018

Presentasjon av Førde sine LÅMØ symjarar.

Foto: Framme fv: Nikolai Hvidsten, Anders Scheflo Kvåle, Erik Litsheim, Reinert S. Erland, Henrik Stubhaug, Simen Furesund Grimeland. Bak fv: Jenny Bjørkhaug, Vilde Scheflo Kvåle, Magnus Johan Bøe, Andreas Hvidsten, Vetle Haram Malterud, Ludvik Guldhav, Sondre Hansen Kriken. Ikkje tilstede: Oliver Øksland og Sivert S. Verhage.

2007 klassen, der har vi tre deltakarar. I jente klassen, så har vi to jenter. Vilde Scheflo Kvåle og Jenny Bjørkhaug. Begge har sin sterkeste stilart på bryst distansen, og der er begge i god posisjon til å klare LÅMØ klubb rekorden for denne årsklassen. I gutteklassen har vi Vetle Haram Malterud. Han er kvalifisert til 4 finaleheat, og med full klaff i øvelsane sine, så kan han være ein outsider til medalje på fly, bryst og rygg distansene. 

I 2006 klassen har vi tre gutter med. Andreas Hvidsten er den som har dei sterkaste tidene, og med heile 5 LÅMØ klubbrekorder i yngste årsklasse fra 2017, så er det også store sjangser for at han kan ta fleire av desse i år også. Andreas er rangert som nr 2 inn til stemnet. Bryst er nok den mest utfordrande stilarten, men allikevel er Andreas kvalifisert til finaler på alle 5 øvelser. Andreas er også i posisjon til medalje på fleire øvelser, men kampen om medaljene er ein del tøffare enn det var sist år. Ludvik Guldhav og Magnus Johan Bøe er dei to andre 06 gutane som er med. Dei har gjort stor framgang den siste tida, og vi ser ingen grunn til at det ikkje skal fortsette. Vi har store forhåpninger til at dei skal bite godt fra seg, og sette nye personlege rekorder i AdO Arena.

I 2005 klassen har vi to gutar. Anders Scheflo Kvåle og Sondre Kriken. Begge har vert på vippen til å klare å kvalifisere seg til årets mesterskap, men med iherdig innsats på trening og dei siste stemna, så klarte begge å kvalifisere seg. Begge har stort potensiale inne, og vi blir ikkje overaska om dei forbedrer seg enda meir. 

I 2004 klasen har vi heile fem gutar. Erik Alnes Litsheim kom inn som reserve, men han har i likhet med dei andre, gode tider, og vil bite godt ifra seg. Han er ein fighter og tåler høgt tempo over lang tid. Simen Furesund Grimeland, Nikolai Hvidsten og Oliver Øksland er alle meget jevne i fleire øvelser, og det skal bli spennande å følge dei i dei interne klubbduellane som bli iløpet av helga. Samtidig, så er alle i posisjon til medalje på 200 rygg, noke som gjer denne øvelsen til ein av dei meste spennande øvelsane i heile helga. Mest sannsynlig så blir den av Førdesymjarane som gjer det best her, også innehaver av LÅMØ klubbrekorden på 200 rygg. Da må ein svømme under 2:37:77. Reinert Solheim Erland er den høgst rangerte i 04 klassen av Førde sine symjarar med tredjeplass inn til stemnet. Han er i fire finaleheat, og selv om 200 rygg, ikkje er hans sterkeste øvelse, så er han også her på skuddhold til ein meget god plassering. Reinert kan også ta fleire LÅMØ klubbrekorder, og med full klaff, så tar han alle, men da må han også slå dei andre 04 gutane på 200 rygg, noke som blir ein stor utfordring. Reinert kan også ta medalje på mange øvelser. Hovedmålet blir uansett å kvalifisere seg til ÅM, og da må han gjere sine saker meget bra. Ein topp 6 sammenlagt bør være realistisk og godt innafor rekkevidde på LÅMØ, og noke som bør være nok til å kvalifisere seg til ÅM.

I 2003 klassen har vi Henrik Stubhaug. Han har sin spesial distanse 200 bryst, kor han var nær medalje i fjord. Henrik har slitt med ein del skade og sjukdom i høst/vinter, men virker no å være i godt slag. Henrik har mykje god svømming i kroppen, og han kjem garantert til å forbedre seg masse i helga. På 200 bryst, så er det eit lite stykke opp til dei tre beste, men eg trur at Henrik kjem til å henge seg på i kampen om medaljene på denne øvelsen uansett. 

I 2002 klassen, så har vi Sivert Solheim Verhage. Sivert har aldri deltatt på LÅMØ før, og etter å ha kjempa seg gjennom 200 bryst, ein stilart som virkelig er ein akkiles for Sivert, så har han klart å bli blandt dei 24 beste. Sivert er best på fly og fri, og er heiltent på å bite godt fra seg. Han kjempar også om å prøve seg på LÅMØ klubbrekordene på 100 fly og 400 fri. Men sjølv om han er nær, så må det virkelig jobbast knallhardt heile vegen. 

Det blir spennande å følge ein rekordstor gjeng symjarar fra Førde. Vi har mange medalje sjangser, og mange klubbrekorder vil bli satt i helga. Det har vert mykje sjukdom inn mot LÅMØ, og mange klubbar har måtte trekke utøvera fra stemnet. Dette gjer at reservar kommer inn, og vi kan ikkje garantere startlistene før stemnet starter kl 14 fredag 9/2. For Førde sin del, så har fire symjarar måtte kaste inn handlkleet. Det er Edvard Aamot (06), Atle Ølnes Kapstad (06) Sunniva Skrede Hallanger (07) og Stine Myrland.  Vi skulle så gjerne hatt alle dei med også, men det kjem fleire sjangsar seinare. Så for klubben sin del, så er det eit godt tegn at vi har fått så stor bredde i stallen blandt dei yngre.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline