Allers Invest Cup 2018

Postet av Førde IL - Symjing den 18. Feb 2018

Førdesymjarane inntok Bergen også denne helga. Ein litt mindre tropp reiste til byen, men denne gang, så var det fleire jente enn gutar med i troppen. Det har ikkje skjedd i Førde IL Symjiing på veldig mange år. Det var 4 jenter og to gutar med.

Fra venstre: Mardon S. Erland, Helena R. Hovland, Reinert S. Erland, Nikoline Håland, Maren V. Årdal, Stine Myrland

Nikoline Håland (06) var med på sitt første stemne som approbert, og ho klarte seg veldig bra. Det blei ingen disk, og ho var med på 4 øvelsar på lørdagen. Ho satte nokre nye tider, og ho persa på dei øvelsane ho hadde tid på fra før.

Stine Myrland (05) begynte litt trått, og fekk ikkje heilt dei tidene ho ønskte, men utover i stemnet, så fungerte ting litt bedre for Stine, og ho avslutta stemnet med fleire perser. Ho tok også ein del medaljer fra gode plasseringer, bl.a ein andreplass på 100 rygg.

Helena Rygg Hovland (04) satte også mange nye perser og tilsammen persa ho med ca 23 sekund på 6 øvelser, medan den siste øvelsen hennas, 100 medley hadde ho ikkje tid på fra før. 

Maren Vinjevoll Årdal (03) begynte også litt bak skjema, men også ho tok seg opp utover i stemnet. Ho perser på fleire øvelser, og får ein god avslutning på søndagen med andreplass på 200 fri.

Jentene stilte også stafettlag på 4x50 medley. Dei kom inn på 3:07:34

Reinert Solheim Erland (04) var einaste LÅMØ symjar fra Førde som tok turen. Han ville få litt andre øvelser på programmet, selv om ÅM snart står for tur. Han fekk ikkje heilt ting til å stemme på dei to første øvelsane, men klinka til med ny pers på 100 fri med ca 3.5 sekund. Ny tid er 1:02:12 Seinare på dagen svømte han også inn til ny pers på 50 fri, og klarte også Nordsjøkrav på denne øvelsen. Han tok førsteplass på alle øvelsar han deltok på. Reinert vart sjuk søndagen og deltok ikkje.

Mardon Solheim Erland (00) som vanlighvis sitter med teknikken på dei siste heimestemna, var med som deltakar denne gangen. Han hadde ikkje så store forhåpninger om noke voldsom persing, i og med at han ikkje har trent noke særlig den siste tida. Men han klarte å sette ny pers på 50 fri med 30:62, så han nærmer seg snart 29 tallet, og kanskje kan dette være ein inspirasjon til å trene litt meir for å nå denne milepælen.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline