Førdesprinten 2018

Postet av Førde IL - Symjing den 4. Jun 2018

Førdesprinten 2018 vart ein av dei utgavene som blir huska for den høge deltakinga, dei gode prestasjonene, heile sju heat på mix stafetten og den veldig varmen i hallen. Med syden temperaturer ute, og over 250 deltakarar inne med tillhørande publikum, så måtte det bli eit drivhus av dimensjonar i helga. Heldighvis, så hadde vaktmesteren nok kaldt vann i magasinet, til å kjøle ned temperaturen med fleire grader. 

Bestemanns premiene gjekk til Reinert Solheim Erland fra Førde i 2004 års klassen for gutter, på distansen 50 bryst med 432 poeng.  For jentene så vart det Oda-Kristin Froestad fra Arna SLK i 2007 års klassen for jenter på distansen 50 fri med 260 poeng. 

Førde stilte med ca 50 svømmera inkludert rekruttene, noko som er veldig bra. Mange satte flotte personlige rekorder, og noken fekk sin første tid på enkelte distanser.

I 2002 klassen var det Sivert S. Verhage som tok seieren på 100 fri. Han var inne på 58:55 og i tillegg tok han også tre andreplasser, og ein tredjeplass. 

Daniel Johnpillai (03) tok to førsteplasser og sju andreplasser i sin årsklasse. Han satte også fleire PR. 

Oliver Øksland (04) tok også sine første Nordsjøkrav, og han enda opp med heile tre krav denne helga. På 50 fri, 50 rygg, og 100 rygg. Reinert S. Erland (04) tok også nokre nye krav, på 100 rygg og 100 IM, så no har han totalt 11 krav. Reinert deltok også på alle øvelsane, og begge stafettane, og tok heim 9 individuelle gull, og to stafett gull samt bestemanns premien. Han satte også fleire gode personlige rekorder. Simen Furseund Grimeland tok ein andre plass, og to tredjeplasser, og satte tre nye PR. Nikolai Hvidsten satte 5 PR, og tok ein andre og ein tredjeplass.

på bildet: Reinert S. Erland (nærast kamera) og Oliver Øksland (th) på starten av 100 rygg.

Anders S. Kvåle (05) fortsetter å knuse sine personlige rekorder, og tok 5 førsteplasser og to andreplasser. Han er heller ikkje langt unna Nordsjøkrav, og med aktiv sommerferie, og god trening i høst, så er det ikkje utenkelig at han også blir med til Kristiansand i November. Sondre H. Kriken (05) tok også fire tredjeplasser og mange nye PR. Aksel Bjørkhaug (05) gjorde ein meget god 50 bryst, og var svært nær en andre plass, det skilte berre nokre få tideler, så det blei ein flott fjerdeplass. Han tok også fleire PR.

Andreas Hvidsten (06) deltok på seks øvelsar, og tok heim førsteplassen på alle øvelsane. Han forbedra seg på tre øvelsar. I 2006 kalssen for gutar, så tok også Edvard Aamot og Ludvik Guldhav kvar sin førsteplass. 

Vetle Haram Malterud (07) tok to førsteplasser og tre tredjeplasser, han forbedra seg på alle distanser han var med på.

Stafettlaget til guttene på 4x50 lag medley tok førsteplassen. På laget svømte Simen Furesund Grimeland, Reinert S. Erland, Sivert S. Verhage og Oliver Øksland. Det samme gjorde 4x50 fri mix laget til Førde med, Simen Furesund Grimeland, Maren V. Årdal, Reinert S. Erland og Sivert S. Verhage.

Jentene var også tallrike, nok til å stille to stafett lag. Maren V. Årdal (03) stakk av med tre andreplasser, og fleire personlige rekorder. Helena R. Hovland (04), Ingrid Levie Vegsund(05), Stine Myrland (05) og Nikoline Håland fekk også mange nye personlige rekorder.  Dei yngre jentene har også gjort det veldig bra og forbedra seg mykje. Vi kan vente oss bra med jentene i framtida. Dei har nokre store jenter i klubben å sjå opp til, og det er bra med noke å strekke seg etter. Jentestafett laget på 4x50 medley tok ein flott sjetteplass. På laget svømte Vilde S. Kvåle, Helena R. Hovland, Stine Myrland og Maren V. Årdal.

Tilreisande klubbar har kosa seg i Førde i helga. Dei har grilla, vert i klattreparken, kjølt seg ned i elva, og nytt det fine været. Brattvåg symjeklubb, sykla i to dager fra Volda for å komme hit på stemne. Det er ein prestasjon berre det, når ein tenke på at dei fleste er veldig unge. Kjekt å sjå klubbar som ikkje har vert i Førde siden 90 tallet, slik som Voss symegruppe. Voss som har fått ny flott symjehall, har no eit veksande miljø, og det er kjekt å sjå at dei har så mange gode symjarar. 

Jotun stilte også med fleire symjarar, og også dommar aspirantar. Etter at Jotun for nokre veke sidan arrangerte dommar kurs, så var det tid for aspirant tida for dei nyutdanna. I alt var det 5 aspirantar på stemnet, hvor av 4 var med på alle 4 øktene. Den siste mangla berre ein økt, så han vart uteksaminert til krettsdommar iløpet av første dag.

Alle funskjonærande gjorde ein strålande jobb i varmen, både med å servere frukt og drikke, ta tider, sørge for premieutdeling, organisering og dømming. Og ikkje minst når det var som på det varmaste, og teknikken tok ein liten pause, så holdt Mardon S. Erland og Olaug Stubhaug hodet kaldt og fekk gang i stemnet. Dei satt til langt utpå kvelden og overførte resultenene manuelt, inn på livetiminga etter stemnet.

På bildet: Olaug Stubhaug og Mardon S. Erland.







Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.