Marienlyst Open 2019

Postet av Førde IL - Symjing den 5. Mai 2019

Førde IL Symjing sendte tre symjarar til Drammen på Marienlyst Open. Dette er eit langbane stemne, og målet med stemnet var at dei som var nær NM krav, skulle få konkurrere meir i langbane. Det gjenstår eit langbane stemne igjen før kvalikk fristen til NM går ut. 

Henrik Stubhaug (03) som er kvalifisert til NM på 50 bryst, fekk til ein ny god 50 bryst der han var berre 17/100 bak sin ferske tid fra BSF. Han kvalifiserte seg med 32:67 til finale. I finalen kom han inn på 32:90, så da har han levert 3 stabilt gode 50 metera den siste tida. 

Reinert S. Erland (04) har ein litt tung periode, men får til nokre gode resultat. Han tangerer poengpersen på 100 fri, og får til ein bra 50 fly som siste øvelse. Reinert tar med seg heim ein andre og ein tredjeplass fra Drammen.

Anders S. Kvåle (05) starter med ein god 400 meter, der han setter poengpers, og kommer under 5 minutter på denne distansen. Han disponerer løpet godt, og avslutter siste 200 raskere enn første. Han fortsetter med poengpers på 50 fri med tida 28:27. Ny poengpers på 100 fly med tida 1:08:56. Han setter ny pers på 100 fri med tida 1:03:38. på 200 rygg er han nær å tangere poengpersen sin. På siste øvelse 50 fly, så setter han ny pers med 3/100 på tida 29:28. Anders tar med seg heim ein sterk tredjeplass fra denne øvelsen i konkurranse med dei som er eit år eldre.

På bildet: fv Randi scheflo (lagleiar) Anders Kvåle, Henrik Stubhaug, Reinert Erland


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.