Årdalstemnet 2020

Postet av Førde IL - Symjing den 26. Jan 2020

Førde symjarane var i Årdal i helga og deltok på Årdalstemnet 2020. Førde stilte med ein stor tropp på 21 approberte symjarar, og 4 rekuttar. Alle dei unge symjarane viste stor fremgang fra forrige stemne. Vi fekk nokre fleire kvalifiserte til LÅMØ og nokre som er nesten klar, som må ta turen til Bergen i februar for å bli kvalifisert.

Vi hadde to debutanter til start, Oliver Stokkebekk Drage og Sander Birkeland (begge 2008). Dei klarte seg veldig bra, fekk nye tider på nokre nye øvelser, og forberda seg kraftig på fleire av øvelsane dei hadde tid med fra uapproberte stemne. Begge åpna med 400 fri på lørdagen, og dei var nok litt usikre på kva tempo dei skulle åpne i, men det er slik ein lære korleis ein skal disponere distansen seinare. 

Kaja Johannessen Skrede (08) og Sturla Myrhol (08) fekk godkjent tidene sine på dei øvelsane som mangla til LÅMØ, og er no klar for start i Førde i mars.

William Sebastian Wergeland (07) fekk godkjent tid på 200 rygg, og med kraftige personlige forbedringer, så er han absolutt med i LÅMØ striden om å bli blandt dei 24 beste i sin årsklasse. Det samme er Edvard Aamot (06) som også fekk godkjent tid på alle sine øvelser. Ludvik Guldhav (06) låg før stemnet på 22 plass i sin årsklasse, og har forbedra seg på fleire distanser, noke som gjer at han har forbedra poengsummen sin og styrker sine sjangser for deltaking på LÅMØ.

Det var mange tette dueller i både individujelle og stafett øvelsane, og det var fleire ganger det skilte berre eit par 100delar mellom utøverane. På stafettane, så var Førde sitt første lag ganske suverene, men på plassane bak, så blei det ein intern kamp om å være det beste laget innbyrdes mellom Førde 2 og 3. På den første stafetten, så skilte det 1.28 sekund mellom lag 2 og 3 fra Førde, og på den siste stafetten skilte det berre 11/100 mellom laga.

Klubben reiste samla med buss til og fra Årdal, overnatta på skulen og hadde ein kjempe flott sosial sammenkomst. 

Supportere er selvsagt med på turen.

Lagledere Andrè Monsen (3 fv) og Jan Nikolai Hvidsten (nermast) nyter middagen på kvelden etter økta på lørdagen. Førde stilte med tidtaker utstyr, og ein god del dommere.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert avIdrettenOnline