Førde symjarane med gode resultat i Bergen

Postet av Førde IL - Symjing den 17. Feb 2020

Førde stilte med 11 symjarar fra klubben, som valgte å starte vinterferien i Bergen på symjestemne. I Slåtthaughallen arrangerte Arna SLK LÅMØ – kvalik. Dette var det siste stemnet i vår region for å kunne kvalifisere seg til LÅMØ som skal arrangeres i Førde den 13.-15. mars. Symjestemnet var for utøvere klasse 2004 til 2009. Våre symjarar dro med ulike målsettinger. Nokon er allereie godt innanfor trygg plassering i sammendraget og ynskte stemnetrening, medan fleire er nær grensa på å være inne eller utanfor topp 24 i sin årsklasse, som kvalifiserer til deltaking på LÅMØ.

Våre symjarar gjer en flott innsats. Det er mange solide perser blant symjarane. Dei yngre symjarane leverer sterke tider, også med tanke på at fleire av dei var for nokre få veke siden i Årdal. Allikevell klarer dei å forbedre seg masse i Bergen. Det kjem av at dei får meir erfaring, og klarer å disponere øvelsen sin bedre. Dette kjem til å bli heilt fantastisk gøy når vi kjem til LÅMØ i Førde. 

Dei eldre symjarane tok også viktige poeng i kampen om å være inne blandt topp 24. Oliver Øksland og Artur Grzebieluch (begge 2004) overraska på fleire øvelser. Oliver slo til med 2:25 på 200 rygg, noke som gjer at han er på skuddhold til topp 3 i årsklassen. Han satte også 4 personlege rekorder på 5 starter. Artur forbedra seg også på 4 av 5 øvelsar og klatra inn på topp 30 i 04 klassen. Dette er den høgste plasseringa til Artur nokon sinne. Begge desse to karane har komt inn i symjegruppe via intensiv kursing, siden dei var relativt "gamle" i forhold til kva ein ofte er når ungar begynne på kurs. Dette er noke vi prøver å legge til rette for når det kjem inn ungdom som gjerne vil prøve symjing. Da er det ekstra kjekt når dei lukkast.Fv: Oliver og Artur. Begge med pers på 4 av 5 øvelsar.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline