Førdestemnet 2022

Postet av Førde IL - Symjing den 13. Sep 2022

I helga så arrangerte vi Førdestemnet. Stemnet er det første i høstsesongen for våres del, og det gir ein fin peikepinn på kor ein er i løypa. 

Stemnet var også ein dommersuksess, da vi fekk utdanna fem nye dommere til krinsen. Å ha nok dommere er noke av det viktigeste ein må ha på plass for å kunne arrangere stemner. Ein kan ikkje alltid belage seg på at ein får nok tillreisande dommere. Spesielt når ein bur langt vekk fra folkerike områder med mange svømmere. 

På dette stemnet har vi også pleid å ha 1500m på programmet, og i år så var det fire deltakarar som tok fatt på den lengste distansen innendørs som vi har. Det var tre Førdesymjarar og ei fra Volda som deltok. Natalie Råheim og Armandas Belaglovis (begge 09) symde side om side i fleire hundre meter, før Natalie drog ifra på slutten. Begge fekk ein tid i underkant av 21 minutter, og dei jobba godt undervegs med å pushe kvarandre i bassenget. Mathias Holme (08) var i ein klasse for seg sjøl. Han holdt eit snitt på under 1:15 på alle 100 meterane, og kom i mål på sterke 18:09:73. Ein forbedring på ca eit og eit halvt minutt fra forrige gang. 

Det vart satt mange flotte tider på andre øvelser, og noken tok nokre milepæler undervegs også. Eirik Snilstveit (08) kom seg under 30 sekunder på 50 fri for første gang. 

Også på rekrutt stemnet i pausen begge dager, var det mykje bra svømming. Det var fleire rekruttar påmeldt stemnet, enn det var approberte, og det er ein bra ting for sporten at det vekse godt bakover i årsklassane. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.