Julelauget 2017

Postet av Førde IL - Symjing den 3. Des 2017

Førde symjarane var i Volda i helga og deltok på det tradisjonelle Julelauget. Det var ca 270 deltagere, inkl rekrutter. Førde hadde med 26 approberte og 8 rekrutter til Volda.

Lørdagen gjekk veldig bra med mange nye forbedringer av personlige rekorder. Andreas Hvidsten (06) tok bestemans premien på lørdagen med sin poengsum på 400 fri. Premien var på 1000,- 

Andreas Hvidsten

Lørdags kvelden med omtrent heile gruppa på Hotell Ivar Aasen i Ørsta med Pizza bufè til heile gjengen falt i smak. Det var høg stemning, og gruppa kosa seg. Det ahdde vert ein lang dag med avreise fra Førde kl 07, så med stemne til kl 20 og middag etterpå, så sovna helie gjengen fort.

Pizzakveld med symjegruppa

Søndag starta stemnet med store tekniske problemer, og med litt hjelp fra Mardon S. Erland, så fekk dei igang tidtaker systemet. Overføringa av tider til livetiming fekk dei aldri opp å gå, og resultatlister måtte la vente på seg, så det får vi sjå på mandag korleis det gjekk til slutt. 

Symjarane skapte nokre magiske øyeblikk på søndagen. Etter at dei hadde svømt nokre øvelser stod 100 butterfly på programmet. 

Dei yngste guttene svømte inn mykje bra tider, og Anders S. Kvåle (05) overaska veldig da han symde inn på tida 1:27:73. Ein øvelse han ikkje hadde tid på fra før, og som han har slitt med å holde teknisk heile vegen.

Anders S. Kvåle

Da Reinert S. Erland (04) svømte inn på 1:12:79 og knuste sin egen personlige rekord med hele 8 sekunder, så blei det både bamseklem og jubelbrøl. Reinert sjølv trudde han hadde svømt for kort, da han såg tida.

På 200 rygg for damer, blei det ein tett duell mellom dei to Førde jentene Stine Myrland (05) og Maren V. Årdal (03). Samtidig ville Stine slå Siri Kråkenes fra Eid som er i samme årsklasse. Stine fulgte Siri nesten heile 200 meteren, og var nesten på sida da det gjenstod 25 meter, men Siri hadde litt ekstra igjen på slutten. Både Stine og Maren forbedra seg på 200 rygg med ca 3 sekund kvar, og i mål skilte det ca 5 sekund mellom dei to Førde jentene i favør Stine.

200 rygg for herrer, da var det Oliver Øksland (04) sin tur til å skape ett magisk øyeblikk. Han åpna som vanlig knallhardt, og det var ingen tvil om kven som skulle ta heat seieren. Men vi venta litt på at han skulle stivne, som han av og til har gjort, men dennegangen holdt han hele veien inn. Han kom inn på 2:33:85 og knuste sin egen pers med ca 8 sekund. Vi på kanten måtte gni oss litt i auga da tida kom opp. Tida er så god at han blir å kjempe om medaljer på LÅMØ i februar.

På stafetten 4X50 lag medley for gutter, så kjempa Førde seg inn til ein svært spennande sølvmedalje, rett framfor Volda. Med Volda på heimebane, så vart det stor stemning når dei var så tett, men med Simen Furesund Grimeland(04) , Reinert S. Erland (04), Sivert Verhage (02) og Oliver Øksland (04) på laget, så holdt vi akkurat unna med ca eit halvt sekund. Ålesund tok gullet med god margin. 

Stemnet har også gitt oss nokre nye tider for dei som prøver å kvalifisere seg til LÅMØ, og omtrent alle har fått litt meir poeng på rankingen. 

Dette var siste stemnet i 2017. Neste stemne er LÅMØ kvalikk i bergen 20-21 Januar, og Klubbmesterskap mandag 22 Januar i Førde.





Nye instruktører i Førde

Postet av Førde IL - Symjing den 26. Nov 2017

I helga arrangerte Sogn og Fjordane symjekrins, begynner instruktør kurs i Førde. Instruktørlærer Alexander Michelsen fra Ålesund tok turen til nabofylket. Førde IL Symjing kan etter kurset skilte med fem ny utdanna begynner instruktører. fleire av instruktørane tenker å gå videre med baby og småbarn kurs, noko som er kjempe gøy at dei vil gjere. 

Vi har hatt ein del utskiftinger blandt instruktørene forran denne sesongen, så det er kjekt at det kommer til nye. Vi har enda 4 til som skal ta begynner kurs i starten av 2018, og kanskje klarer vi å rekrutere nokre fleire. Vi skal også videre utdanne noken til vidergående instruktør, i tillegg til dei som skal på baby og småbarn. Vi har god tilgang på basseng, og muligheter til å arrangere kurs 15 timer berre i Førdehuset, også har vi terapibassenget for dei minste. Om vi har behov for meir bassengtid, så ordner vi det også. Førde Kommune har veldig fokus på barne idrett, og legg godt tilrette for at alle uansett idrett, skal få muligheten til å drive med den.  #besteplassenilandetåvokseopp 





Klubbrekorder og mykje god symjing på Hauststemnet på Eid 2017

Postet av Førde IL - Symjing den 19. Nov 2017

I helga var Førde symjarane på Eid og deltok på Hauststemnet. Vi var 28 approberte og 11 rekrutter. I nyare tid har ikkje Førde hatt så mange på eit reise stemne. Det vekse godt i klubben, noko som merkast godt av dei andre klubbane. Vi er klart største klubben i fylket. Det var Førdesymjarar i omtrent alle heat, og noken heat var reine Førde heat. Det var mykje å henge fingrane i for dei to lagleiararne Sissel Leth-Olsen og Elisabeth Mundal. 

Resultatene er også veldig gode. Vi hadde to som ble klar for LÅMØ etter denne helga, Vetle Haram Malterud, og Jenny Bjørkhaug, begge 07 modellar. 

Dei eldste symjarane kjempar også om å klare krava til LÅMØ, og dei har forbedra seg alle sammen. På jente sida er det dei to eldste Maren Vinjevoll Årdal og Stine Myrland som har forbedra seg mykje og dei får betalt for økt treningsmengde.  Førde hadde med 7 approberte jenter. Det er så flott at det vekse på jente sida, og vi hadde med eit par debutant som approbert på Eid. Sunniva Skrede Hallanger og Kristoffer Nyhammer Myrhol (begge 07) gjennomførte eit godt stemne, og fekk sine første offisielle tilder, og har gjennomført tre LÅMØ øvelser i helga.

Guttane vart det særs spennande på 200 bryst i duellen mellom Henrik Stubhaug, og Reinert S. Erland. Reinert åpna forran Henrik første 50, etter 100, så var Henrik forbi, og i mål skilte det berre 01:38. Simen Furesund Grimeland kom under 30 sekund på 50 fri for første gang, og var helgas gladaste symjar. Det pressa seg fram ei tåre i augekroken på trenar Elisabeth denne gange også. Det kjem til å bli mange gledes tårer på Elisabeth i framtida om symjarane fortsette med denne framgangen. 

Stafettane var høgdepungtet for pulsøkning for publikum. Det vart veldig spennande heile vegen inn mellom Førde og Eid på 4X50 Meldey Mix og 4X50 fri herrene. På medley mix stafetten følger dei kvarandre heile vegen og det skiller berre 9/100 i mål. På fri stafetten til gutta, så var gutta heiltent, og ville vise at dei ikkje berre har flest symjarar, men også det raskaste laget. begge lag fulgte kvarandre tett, men Førde drog iland seieren med 01:36 forran Eid. På stafettane satte vi også nye klubbrekorder på fleire distanser, så der har listene blitt oppdatert, så det er berre å klikke inn og lese. 

Nesten heile gjengen samla på bildet. I midten nede har vi trener ELisabeth som stråler over den flinke gjengen med symjarar ho har med seg.

Rekuttane gorde også sine saker bra, og det er nokre der som snart er klar for litt større oppgaver. 

Rekruttane som var med på Hauststemnet.

Lunsjen for symjarane og og foreldra var også ein oppgave som skulle organiseres av foreldra som var med på reisa, og med bakevarer fra Erketunet gardsbakeri så vart alle gode og mette.

Neste stemne for Førde symjarane er Julelauget i Volda om to veker. Vi kjem med ein nesten like stor gjeng til Volda.  




Fra Speed Open i Oslo til trening i Førde på samme dag

Postet av Førde IL - Symjing den 5. Nov 2017

Speed Open gjekk av stabelen i helga. Førde var representert med tre symjarar. Symjarane fekk ein god følelse etter innsvømminga, på at det var eit bra basseng, og virka lett å svømme. Det viste seg på første øvelsen 100m butterfly, at det stemte. Mardon S. Erland (00)persa med 5 sekund, og symde inn på 1:15:72, medan Reinert S. Erland (04) symde på 1:20:68 og persa med ca 3 sekund. Ludvik Guldhav (06)persa også med ca 5 sekund i forhold til persen han tok for ei veke sida i Bergen, og kom inn på 1:46:65.

Det vart litt tyngra på bryst øvelsane, og pga symjarane våre ikkje er vande med så grunne basseng, så tok dei nedi botn ved undervannstak. I vendinger på rygg og crawl, vart det ikkje optimale vendinger, da dei er vande med å vende litt djupare. Innsvømminga var så overbefolka, at det var vanskeleg å få øvd seg på vendingane. Det vart ikkje perser på så mange øvelsar, men så kan ein jo ikkje perse heile tida heller. Det som gjekk bra, det er vi fornøgde med, og resten er god trening. 

Foto: Mardon S. Erland på 100m bryst

Ludvik Guldhav tok nokre fleire persar, og har fått masse verdifull stemne erfaring med seg vidare. 

Etter at dei to eldste symjarane var ferdig med sin stemne bolk på søndag, var det rett i bilen og på veg heim til Førde. På vegen fant Reinert ut at han rakk treninga i Førde. Man kan ikkje sei noke på interessen, når ein rekke både stemne i Oslo på formiddagen, og trening i Førde på kvelden. Det viser jo også at avstandane ikkje er så all verdens store, så til dei som bur på østlandet: Det er berre å ta turen over fjellet til Førde når vi arrangerer stemner.





Ny klubbrekord og nye Nordsjøkrav under AdO open 2017

Postet av Førde IL - Symjing den 29. Okt 2017

Sivert Solheim Verhage tok ny klubbrekord på 200 butterfly med tiden 2:38:32. Han kvalifiserte seg også for finalen på samme distanse, og der åpna han 2 sekund raskere enn i forsøket, men fekk det litt tungt på slutten og kom i mål 3/10 bak den nye rekorden hans. Sivert forbedra seg voldsomt på mange øvelser. På 1500 meter, så forbedra han seg med ca 3 minutt siden i vår, og samtidig på veien, satt han personlige rekorder på både 400 og 800. 400 rekorden varte ikkje meir enn til søndag, då han senka den ytterlegare. Sivert kom nesten ned under minuttet på 100 fri, men mangler små 72/100 på å klare det.

Reinert Solheim Erland tok 3 nye Nordsjøkrav, og har no krav på alle bryst øvelsane og 50 butterfly. Han forbedra seg på alle distansane han svømte, og tok nokre imponerande personlige rekorder på fleire øvelser. Han er eit bevis på at trening hjelper, og selv om han blir pressa av dei andre gutane i klubben, så svarer han på tiltale og presser tidene litt ekstra ned. Reinert stakk av med 4 førsteplasser, 3 andreplasser og ein tredjeplass. Reinert var nær junior finale på to øvelser, der han var reserve til finalene. 

Helena Rygg Hovland hadde sin debut som approbert symjar i selveste AdO arena, og ho kom godt ifra det med mange gode prestasjoner. Helena er ein god brystsymjar, og deltok på alle brystøvelsane, samt 50 og 100 fri. Sammen med klubbveninnene Maren, Ingrid og Stine, så har dei hatt ein flott helg med mange personlege rekorder og mykje moro. Ingrid Levie Vegsund deltok på flest øvelser av alle Førde symjarane, og fekk nokre nye tider på LÅMØ øvelsar. Stine Myrland fekk eit godt stemne med mange personlege rekorder, og ho har no bestemt seg for å trene litt meir for å bli enda bedre. Ho har hatt flott framgang, og det viser også tidene, spesielt på dei lengre distansane. Maren Vinjevoll Årdal hadde også god framgang på stemnet, og forbedra alle LÅMØ øvelsane sine ein del. 

Nokre av dei yngre symjarane tok fleire nye tider på LÅMØ øvelsane, og Magnus Johan Bøe har no kvalifisert seg til LÅMØ 2018. Andreas Hvidsten viser at han fortsatt holder tidene sine, selv om skade i kne og litt sjukdom har hindra han i å trene så mykje som han vil. Ludvik Guldhav imponerte på 400 fri med å ta igjen heile feltet med meir enn 50 meter. Han knuste sin tidligere personlige rekord med 1 minutt og 26 sekund. 

Oliver Øksland, Simen Furesund Grimeland og Nikolai Hvidsten tok også ny personlig rekord på mange av øvelsane sine, og gjorde nokre poenghopp på LÅMØ rankingen. Oliver imponerte på alle fri øvelsane med gode tider og mykje framgang, samt på 200 rygg med tiden 2:41:54. Simen Furesund Grimeland imponerte på 200 bryst og pressa sin personlege rekord ned med 22 sekund til tiden 3:04:98. Nikolai Hvidsten senka også sin 200 bryst tid ein god del, men det var på 100 fri han imponerte med tida 1:07:89. 

bildet fv: Sivert S. Verhage, Elisabeth S. Mundal og Reinert S. Erland

Hovedtrener Elisabeth S. Mundal er veldig stolt over symjarane, og det var mange ganger ho delte ut både klemmer og high five for dei fine presasjonene. Elisabeth har sett på kvar ein symjar som har vert i vatnet, og har også notert seg for nye arbeids oppgaver på trening framover for at symjarane skal bli enda bedre. Det er fortsatt mykje arbeid igjen, og det blir ikkje å ligge på latsida fram mot LÅMØ. 

Mardon S. Erland var tidtaker sjef på stemnet, og løyste den oppgaven på ein veldig bra måte. Det har litt rusk i teknikken, men det har han og dei andre løyst på ein måte som verken symjarar eller publikum har merka eller blitt hinda av. Det har vert ein lærer rik helg, og Mardon har fått mykje god erfaring som han tek med seg heim til stemner som vi arrangerer. Ein del tekniske løysingar som vi kan sjå på for å forbedre oss til eigne stemner, som vi må sjå om det lar seg gjere.

Bildet fv: Mardon S. Erland og Charmaine Pettersen. Det var desse to som styrte tidtakinga og resultatservice.




Førde IL Symjing i Haustferien

Postet av Førde IL - Symjing den 15. Okt 2017

Symjarane i Førde IL Symjing har brukt haustferien godt. Det har vore mykje treningar i ferien, og fleire har nytta det dårlige været godt. 

Mange har vert aktive på fleire fronter, da dei har vore på fotball skule, rulleski trening i tillegg til symjetrening. Nokre har vore austover og både trent og konkurrert. 

Simen Furesund Grimeland (04) representerte Førde i Oslo på OI open høst, og symde 3 øvelser eine dagen. Han satte poeng personlig beste på 100 rygg. Stemnet var i langbane. 

Alle rekrutter som går på videregående kurs, fekk også tilbud om gratis trening i haustferien, og nokre var der kvar dag. Dei har vist stor fremgang, og enkelte har hatt så stor framgang at dei rett og slett har både lært seg nye stilarter og blitt mykje bedre til å symje, og kjem til å hoppe ein del i kurs systemet. Dei nærmer seg treningsgruppa, og slikt er veldig kjekt.

Reinert S. Erland (04) er den som har vore desidert mest på trening i ferien, Han har vert på 26 av 28 timer med treningstid som var satt opp. Han har svømt 90-100.000 meter i ferien. Han har vist ein veldig bra formstigning, og selv med mykje trening i kroppen, så svømmer han tider på trening som er rundt personlige rekorder, både på korte og lange distanser. Med litt topping inn mot stemne i Bergen, så kan dette bli spennande å følge utviklinga på.





Første stupe kurs i Førdehuset igang

Postet av Førde IL - Symjing den 4. Okt 2017

For første gang kan Førde IL symjiing skilte med at dei også har stupekurs. Det var seks ivrige barn som deltok på det første kurset, og dei var ikkje skremd over kva som er i vente. Nokre av dei sa klart og tydelig at dei skulle holde på til dei hadde stupt fra 5 meteren. Halve kurset er land trening for å forberede seg på øvelsane og posisjonane dei skal gjennomføre i stupet.

Det ser ut til å være eit populært kurs, da det er flerie born på venteliste for kurset. Det er ikkje umulig at FIL Symjing kjem til å utvide aktiviteten ved ein seinare anledning, men akkurat no, så starter vi så enkelt som mulig, så vi heile tida veit kva vi held på med. 

Ein av utfordringane i hallen er at vi mangler ein 3 meter til stupe aktivitetane. Her må vi tenke om det går å finne på ein løysing for å få nok utfording når vi kjem så langt. Der 3 meteren stod før i tida er det eit lite basseng idag. Med stupeaktivitet, så kan det være at vi kan få tenkt fram ein løysing som kan gi oss tilbake ein ny 3 meter. Det er ihvertfall lov å drømme. Kanskje ved bygging av ny hall, så kan dette bli eit element i den eksisterande hallen?

Stuparane i aktivitet på landtreninga på første økta. 




Sunnfjord Open 2017

Postet av Førde IL - Symjing den 1. Okt 2017

I helga vart Sunnfjord Open 2017 arrangert. det var mange stemne denne helga på vestlandet, så det var lite deltagere fra andre klubber. Det var Eid, Moss og Vestkantsvømmerne som var i tillegg til Førde representert i bassenget. I underkant av 40 approberte symjarar og ca 40 rekruttar deltok i helga på stemnet. Dette var første stemnet for Førde symjarane etter sommerferien. 

For rekruttane, så vart det ein veldig flott opplevelse. Fleire av rekruttane hadde sitt første stemne. På søndag var det 100 fri for rekruttane, og nokre av dei hadde aldri svømt så langt samanhengande. Det er veldig bra stemning på slike stemne, og det å kombinere det med eit approbert stemne gjev rekruttane også mulighet til å sjå på dei approberte som dei ser litt opp til også. 

På lørdag på det approberte stemnet, så begynte det veldig bra. 50 bryst for herrene satte igang store følelser hos hovedtrener Elisabeth Mundal da Henrik Stubhaug svømte inn på 33:40. Det var slett ikkje forventa at det skulle gå så fort, så tårene kom med ein gang tida kom opp på tavla. Det betyr mykje for Elisabeth når elevane viser at treninga fungerer og resultatene kjem. Det var mange som overraska denne helga. Dei fleste leverte mange persar, og når Førde il Symjing stiller med neste 30 approberte symjarar, så er det mykje å henge fingrane i for trenarane. 

Det vart oppnådd mange milepæler for mange symjarar. Nokre klarte å komme under 3 minutt og 4 minutt på sine respektive 200 metera, og andre kom under minuttet på sine 50 metera. Da Oliver Øksland, Martin H. Kriken og Reinert S. Erland i tillegg kom under 30 sek på 50 fri for første gang, så venta det stor applaus fra trenar teamet. Simen Furesund Grimeland satte også standarden på 200 rygg, med å sette den raskeste tida av alle noværande aktive symjarar i klubben med tida 2:42:20.

På stafettane lørdag og søndag så vart det seier til Eid på lørdag på 4x50 fri med ca 2 sekund, men Førde tok revansje på søndag og innkasserte gullet på 4x50 medley med ca 4 sekunds margin. Førde Jentene tok gullet begge dagane med eit ungt og lovande jente lag. Det er flott å sjå at Førde har fleire jenter på gang, slik at vi kan ha eit stafett lag på dei fleste stemne. det er også godt for gutte gjengen at det kjem fleire jenter til. 

Bestemannspremiene blei vunnet av Maren Vinjevoll Årdal og Eirk Karlsen (juniorer) og Marcus Haus (senior)

Mardon S. Erland fekk også god veiledning i sekreteriatet av Jan Kenneth Antun på tidaker annlegget, og vi har no ein ung gut som kan kjøre systemet på stemner. Han skal no til Bergen på AdO open for å få enda meir erfaring med dette. Mardon går på datalinja på Øyrane vidaregåande, så dette er mitt i blinken.




Sunnfjord Open Water / Swimrun 2017

Postet av Førde IL - Symjing den 4. Sep 2017

På lørdag arrangerte Førde IL Symjing sin første open water konkurranse. Ifbm. Førde Opp, så kom idèen om å vise fram symjesporten til folket. Å svømme ut til Sanden i Naustdal virket som en meget fristende distanse, så spørsmålet var jo bare å finne rett start plass. Valget ble i elva ved Førdehuset. 

Siden Open Water har flere utfordringer med sikkerhet på arrangementet, så var symjeklubben heilt avhengig av samarbeid med Sunnfjord Kajakk klubb. Dei stilte med kajakk følge heile vegen, slik at symjarane kunne være trygge. Førde Kommune stilte også med brannbåten med to brannmenn i tørrdrakt ombord. Dei hadde i oppgave å konntrolere fjorden, og stoppe evntuelle andre motoriserte båter, og bistå ved behov for hjelp. Det var noken båt stopp, så det viser at det var nødvendig med slik bistand.

I forkant av konkurransen, så kom det også opp ein idè om at siden det var Førde Opp, så kunne vi springe tilbake og opp på Hafstadfjellet (706moh). Arrangemetet fekk då ein dimensjon ekstra, og det skulle vise seg å bli ein utfording som vart meget krevende.

Værmeldingene var i forkant veldig varierende, men dei blei bedre og bedre jo nærmare vi kom. Temperaturen var nokre dager i forkant, mål til 14,5 grader ved start, noko som var som forventa, siden elva kjem med smelte vatn fra Jostedalsbreen. I fjorden vart det målt 16 grader. 

Race day: Sola skein fra nesten heilt blå himmel, og det var vindstille. Perfekte forhold, med topp flo, og masse publikum. Det var to deltagere som hadde meldt seg på. Anne Grete Haugan og Øystein Erland var klar til å hoppe i elva kl 09:00 Lørdag 2/9. Temperaturen ved start hadde sunket med 2 grader, og det ble en frisk start på dagen. Anne Grete som har mykje erfaring fra langsvømming, svømte godt ut direkte fra start. Hun tok tidlig ein ledelse på Øystein, som hadde ein litt rolegare åpning. I første sving i elva, så feilberekna Anne Grete, og pluttselig til Øysteins store overraskelse, så var han 10 meter forran Anne Grete. Hun kom inn i motstrøm i utkanten av svingen, medan Øystein fulgte strømmen forbi. det resulterte i at begge svømte samlet gjennom sentrum der fleire tilskuere hadde stilt seg opp for å sjå på symjarane. Ved siste brua i Førde, så hadde Anne Grete fått opp farten igjen, og seig ifra Øystein, som deltok i sin første OW konkurranse. 

Mange kajakker fulgte dei to symjarane fra starten og ut i fjorden, og dei undra seg over kva symjarane tenkte på veg utover. Sunnfjord kajakk klubb fekk virkelig vist seg fram i det flotte været, og dei såg ut til å få ein vakker tur utover fjorden.

Halvegs ut i distansen, ved Ultangnes, så var avstanden berre nokre få hundre meter mellom dei to symjarane. Øystein valgte da å ta ein rute langs land, då fjorden svinga vestover, medan Anne Grete svømte meir mittfjords. Det var ingen som var kjent med strømforholdene, så det var å føle litt på det. Det viste seg seinare at Anne Grete hadde muligens fått litt mindre motstand i vatnet enn Øystein, da båtfolket sa at han hadde komt inn i litt motstrøm. Samtidig, så var Øystein no komt inn i den litt kritiske fasen, der han jobba med å få kontroll på taka. Fingrene mista han følesen i ein etter ein, og det blei tilslutt vanskelig å svømme med god teknikk. Dei siste km gjekk veldig seint, 

Anne Grete, akompagniert av sin mann i kajakk, fekk ein vakker tur utover fjorden. Med fjellet Blegja (1304moh) ruvande i vest på veg inn til Naustdal, så vart det ein magisk avslutning på etappen. Anne Grete svømte dei 11 km på 2:38:05. Hun slukte ett par kopper cola på stranden, og for videre inn mot Førde. Øystein kom inn ca 37 minutter seinere, på tiden 3:15:26. Det var en meget sliten mann som kom opp av vannet, og med lite følelse i bein og fingre, så ble det en lengre pause på Sanden. 

Sunnfjord Triatlon hadde varta opp med varm suppe, kaffi, cola og div energidrikke. I tillegg hadde dei satt opp eit svært målsegl og eit skifte telt. Det var ein super måte å komme i mål på svømme etappen på. 

Øystein brukte 18 minutter på Sanden før han kom seg videre på løpinga. Han spiste suppe, drakk cola, Drakk energi drikke og spiste sjokolade sponsa av Spenst, snakka med mange folk, og fekk omsider følelse i fingrene til å kunne skifte kle. Når han omsider kom igang med løpinga, så gjekk det ca 40 minutt inn i løpinga, før smerter i beina løyste seg, og det gjekk ann å jogge jamnt. 

Anne Grete kom inn til Førde etter ca 4 timer total tid, til eit folkehav. Det er uvist kor mykje folk det har vert på tidspunktet, men det kan ha vert fleire tusen personer der. Det gjekk litt fort i svingane, så Anne Grete for litt under radaren til Speaker og rett inn i fjellet. Det som møter løperene dei siste km er ein stigning på 706 meter med parti på opp i 35%, og med snitt på 17,5% heilt til toppen. Det var brutalt, og det blei gåing oppover. 

Øystein kommer inn til Førde etter å ha brukt 1:37 på løpinga, og med pausen på Sanden, hadde han passert 5 timer inn til Førde. Då han kom inn på Rådhusplassen til Folkehavet, så var speaker klar langs løypa. Ein vanvittig kjensle av å få vinger, og dei meterane blandt folk føltes som han ikkje var sliten. Etter sko bytte og intervju med speaker Tom Farsund, Litt energi drikke fra Spenst sin stand, så bar det rett inn i bakken. Det vart bråstopp i trappene, og det vart heilt klart at det handla berre om å komme til toppen på ein eller annen måte. Det blei mange stopp for å snakke med masse løpere fra Førde Opp som var på vei ned igjen, så det blei nokre kjærkomne pauser for beina. Verken Anne Grete eller Øystein hadde deltatt på motbakke løp før, så dette var ein ny utfordring.

Anne Grete kom i mål på tiden 5:04:27. Øystein kom i mål på tiden 6:23:04. 

Ein fantastisk konkurranse i ein vakker fjord, med ein spektakulær avsluttning. Dette skal bli gjentatt neste år, og da håper vi på fleire deltagere som vil bryne seg på tidene fra i år. 





Sesong start for Førde symjarane

Postet av Førde IL - Symjing den 14. Aug 2017

I heile veke 32 har fleire av Førde symjarane vore med på Sogn og Fjordane symjekrins sin leir i Ebeltoft i Danmark. Dei som har vore med der, har trent ca 35 timer svømming og land trening iløpet av denne veka. Trenarane Sander Smørdal og Halvor Eklund har fått symjarane godt igang for sesongen, så no gjeld det å halde tempoet oppe og fortsette den gode starten. 

Leiren var ein kjempe suksess både på både det sosiale og sportslige plan. Symjarane har vore storfornøgd med alt. På ein leir på tampen av skuleferien, så kan dei ikkje rekne med å kalle dette ferie. Det er knallhardt arbeid med trening fra tidlig morra, avbrutt berre av mat og kvile, før ettermidags økter. Maten har vore så bra, at til og med McDonalds ikkje frista. Romma der dei sov og kvilte var av meget bra standard, så her var alt på topp. Kort veg til både symjehall og centrum, var også veldig greit. 

Fredag brukte symjarane til litt gocart kjøring på ettermiddagen, då fekk dei treningsfri som ein belønning for godt arbeide. Bortsett fra dette, så var dei mest opptatt av rekreasjon mellom øktene. 

Dette frister til gjentakelse, og vi har berre fått positive tilbakemeldinger frå deltakarene og foreldra som var tilstades. 

No kjem høsten snart sigandes, så då er det berre å brette opp ermene og fortsette treninga. Førde IL symjing har stor aktivitet, og det kjem til å bli ein spennande haust fram mot LÅMØ i februar 2018. Aldri før har vi hatt så mange potensielle deltaker kandidater, så dette vert spennande å følgje. Vi skal delta på ein god del stemne utover hauste, og første stemne er heime i Førdehuset 30/9-1/10 (Sunnfjord Open)

Bilde fra symjebassenget i Ebeltoft med symjarane godt igang med ein treningsøkt. 




AdO cup med finale og klubbrekord for Førde symjarane

Postet av Førde IL - Symjing den 19. Jun 2017

Førde IL Symjing var representert på AdO cup i Bergen med fire symjarar i 50 meters bassenget. Ein eldre junior, og tre yngre juniorer. Dei satte mange flotte personlige rekorder, og to av dei symde finaler på lørdags kvelden.

2002 modellen Sivert Verhage symde nokre lange øvelser, og forbedra seg med neste 40 sekund på 800 fri. Han forbedra seg også på 400, og var for første gang under 5 minutt. Fri øvelsene er Sivert sin sterke stilart, og han svømte ein god 200 fri også, og kom inn på 2:17, og forbedra seg med 7 sekund i forhold til tidligere pers fra kortbane.

2006 modellen Ludvik Vassbotn Guldhav deltok på sitt første langbane stemne, og satte liksågodt ny pers på alle LÅMØ øvelsane. Han symde fleire korte distanser også, og forbedra seg mykje. Ludvik vant øvelsen 100 butterfly, som er ein blytung øvelse i langbane basseng. Det skal bli spennande å følge Ludvik i åra fremover.

2004 guttane Simen Furesund Grimeland og Reinert Solheim Erland fekk ein heilt spesiell opplevelse på lørdagen. Gjennom kvalifiseringa på fleire øvelser. Reinert kom til finalen på 100 butterfly, medan dei begge var i 100 fri finalen og 50 bryst finalen.

Reinert var storfavoritt til 50 bryst finalen, med ca 4 sekund margin til nr to i forhold til kvalifiserings tid. Spennings momentet var allikevell tilstedet for om Reinert kunne innfri, for han brukte mykje krefter på 100 fly og fri finalene. Men han symde allikevell fort nok i finalen til å ta seieren i land. Dette var utruleg god lærdom til dei unge gutane, som dei kan ta med seg vidare i symjekariæren.

På bildet: Reinert på pallen etter seier på 50 bryst, sammen med dei andre medalje vinnerne.

Simen satte heile seks nye personlige rekorder. Reinert satte tre nye personlige rekorder på stemnet inkludert forbedring av sin eigen klubbrekord på 200 butterfly på langbane.

No er det sommerferie for Førde symjarane, før dei starter oppkjøringa til ny sesong med treningsleir i Ebeltoft i Danmark i august.





Førdesprinten 2017

Postet av Førde IL - Symjing den 11. Jun 2017

Førdesprinten 2017 er over, og vi står igjen med mange gode minner. Det har vert en helg med uforglemmelige øyeblikk, og med mange nye inntrykk.

Organisasjonen rundt stemnet har fungert veldig bra, og vi har gjennomført eit knirkefritt arrangement. Litt tekniske utfordringer, men ikkje meir enn at det lot seg løyse med nokre kjappe fingre fra Rune Bakke i sekreteriatet. Vaktmester på huset måtte også trå til når ventliasjonen stoppet, og det ble veldig varmt i hallen. Men med en litt stor skiftenøkkel, så fikk han åpna for frisk luft igjen.

Den gamle svømmehallen i Førdehuset holdt stand denne gangen også, da ca 160 symjarar entra bassenget. Fleire av klubbane kommenterer at dei synes det kan være på tide å få ordna hallen, men bortsett fra det byggtekniske, så får vi berre gode tilbakemeldinger.

Førde IL symjing hadde ein rekord stor gjeng symjarar. Heile 50 symjarar deltok på stemnet. Det var mange persar, og mange medaljer på symjarane. At FIL Symjing kunne stille med 5 lag på 4X50 fri mix, og 6 lag på 4X50 lag medley, har aldri skjedd før. Pernille Berntsen, Even Stubhaug, Teis H. Malterud, August H. Malterud, Henrik Stubhaug, Reinert S. Erland og Andreas Hvidsten tok alle bestemanspremie i kvar sin årsklasse.

Reinert S. Erland overraska stort på 50 bryst, og satte ikkje berre ny personlig rekord, men kvalifiserte seg også til Nordsjøstemnet. Det betyr at Førde har no tre symjarar som er kvalifisert for Nordsjøstemnet i November. Pernille Berntsen og Henrik Stubhaug er begge kvalifisert på fleire øvelsar. Så no begynner treninga fram mot dette målet, også i håp om å klare fleire kvalikk krav.

Proffsport hadde også tatt turen til Førde. Dei leverer webshop løsningen som Førde IL Symjing har for kjøp av klubbkle og svømmeprodukter. Dei hadde laga seg til med stand, så ein kunne kjøpe diverse svømmerelaterte artikler, og ein kunne prøve kles kolleksjonen, og legge inn bestillinger med ein god rabatt.

Lenke til firda.no sin artikkel:

https://www.firda.no/symjing/forde/sport/har-aldri...




Symjegruppa på bowling

Postet av Førde IL - Symjing den 2. Jun 2017

Førde IL symjing var på sosial kveld på førde bowling.

Etter trening fredag, så bar det rett på pizza og bowling. Det var høg stemning, og symjarane hadde det kjempe kjekt. Fri slush, var veldig populært. Noen har nok fått litt nedkjøling i topplokket, men med den innsatsen som dei la ned på bowlinga, så var det nok heilt greit å kjøle seg ned.

Vi leigde heile bowlinghallen i to timer, så det var berre å kjøre på med speling. I ein sport der ein ikkje kan kommunisere verbalt mens man utøver sporten, så er slike sammenkomster veldig bra for å bygge miljø.

Uten foreldre tilstades, så var det fritt fram for opptil 20 piruetter før kast, armhevinger for hver kjegle som stod igjen, og alle tjuvtriks for å psyke ut motstandarane.





Førde IL Symjing på Bergen Swim Festival med verdens beste symjarar.

Postet av Førde IL - Symjing den 7. Mai 2017

I helga gjekk Bergen Swim Festival av stabelen. Dette skiljer seg ut fra alle andre stemne som Førde symjarane deltek på. Ein av grunnane er at dei får muligheten til å både møte og symje ilag med fleire av verdens beste symjarar. Sara Sjøstrøm og Katinka Hosszu på damesida, og det Nederlanske landslaget med mange store namn, samt fleire andre topp symjarar. Susanne Bjørnsen og Tomoe Zenimoto Hvas var dei største norske namna på start streken. Det var mange gode store prestasjoner, også av yngre framtidige Norske symjarar. Nikolai Sørebø klarte kravet til Junior OL, der Norge berre har 4 plassar i svømming. Han er 16 år, og symde 100 bryst på 1:04:56

Symjarane fra Førde er yngre, og har framtida forran seg. Dei gjorde sine ting veldig bra. Yngste årsklasse som kunne være med på stemnet er 2004 og alle juniorane konnkurerte i samme klasse, akkruat som ein gjer det på NM. I tillegg er det 50 meters basseng, noko som vi ikkje trener på å symje i.

Det at det er 50 meters basseng, skulle vise seg å bli ein liten utfordring for humøret. Når symjarane var ferdig med ein distanse, så ser dei på tida si, og når den er svakere enn den oppførte personlige rekorden sin, så vart dei med ein gang skuffa. Men det dei ikkje tenkte på, var at dei faktisk hadde svømt bedre enn sin personlige rekord i fleire av tillfella, men at ein måtte sjå på ranking poenga, og ikkje samenlikne tida mellom 25 og 50 meters basseng.

Førde hadde 5 symjarar i aksjon i helga, og det vart sett 28 personlige rekorder, nokre av dei var tids rekorder og andre var poeng rekorder(tid omrekna i poeng, dette for å kunne samenlikne 25/50 basseng). Reinert Solheim Erland noterte seg også for ein klubbrekord, da han som første Førde symjar vi kan finne historikk på, symde 200 butterfly i langbane for herrer.




Ny webshop for klubb bekledning

Postet av Førde IL - Symjing den 7. Apr 2017

Førde IL Symjing har fått opp å gå ny webshop, og den er no åpnet. Alle får no 20% rabatt ved første bestilling.

Bruk da rabatt kode : FørdeSymjing (kan bare brukes 1 gang pr ip.adresse)

Gå inn på heimesida vår, symjing.no, og se på nedtrekksmenyen, klubb bekledning. Klikk på linken til Proffsport. På samme nedtrekksmeny er det også ein link til Craft sin størelses guide.

Førde IL Symjing er også blitt ein ambasadør klubb for Proffsport, og hvis det er fleire som vil foreslå dette til andre lag og organisasjoner, så send ein melding til Øystein Erland, enten på messenger, eller på sms: 99728022. Så vil han kunne informere mer om dette.

Det er viktig at klubben synes på stemner, og å vise fram sponsorene våres. Symjarane får ein enda tettere samhørighet og klubb følelse.







Rekrutt stemne mandag 3/4

Postet av Førde IL - Symjing den 4. Apr 2017

Førde IL Symjing arrangerte eit lite rekrutt stemne mandag 3/4, kor det var eit godt oppmøte med litt over 30 rekrutter. Alle symde mange distanser, og alle fekk medalje. Rekruttane syntes det var stas å få være med å konkurrere, og få medalje. Det var både 25 og 50 meter på programmet, og alle stilarter.

10-11 Juni er det Førdesprinten, og da vil rekruttane få mulighet til å være med på nytt rekrutt stemne i pausen på hovudstemnet begge dagar.




24Chilli`s Cup

Postet av Førde IL - Symjing den 1. Apr 2017

Denne gjengen var i Bergen i helga og deltok på 24Chilli`s cup. Det vart ein ny opplevelse for fleire av dei yngre, som aldri før hadde deltatt på eit stemne utenfor Sogn og Fjordane. Førde IL Symjing stilte med ikkje mindre enn 19 symjarar, og var i storleik på høgde med fleire av Bergens klubbane. Symjararne gjorde også sine saker veldig bra.

Det er mange unge symjarar, berre 4 symjarar er eldre enn 13 år. Det gjer at vi har ein gruppe med veldig unge symjarar som er i utvikling, som blir spennande å følgje.

Stemnet begynte med den lengste øvelsen på programmet. Siden det var 40 påmeldte deltakarar på 1500 fri, så blei den delt opp på to dager. Gutane lørdag, og jentene søndag. Førde hadde med 3 deltakarar på 1500, Reinert S. Erland, Sivert S. Verhage og Stine Myrland. Ingen av dei hadde svømt denne distansen før, så det var ein ny erfaring. Sivert og Reinert var i samme heat. Reinert starta friskt, og halvegs leda han med ca 11 sekund på Sivert. Sivert fekk opp farten etterkvart, og tok igjen Reinert. Dei siste 300 meterne, så kjempa dei to guttane ein hard kamp om heat seieren, og dei kjørte rundetidene ned fleire sekund. Inn på siste 25 meter var det heilt jevnt, men sivert hadde dei lengste fingrane, og slo inn 2 tideler føre Reinert. Reinert hadde tatt ut alt, og kasta opp heilt på slutten, medan han svømte inn på oppløpet. Dei begge enda på 21:08, ei tid som var langt bedre enn vi hadde forventa på forhånd. Stine var veldig nervøs før start, men åpna bra på sin 1500 på søndagen med runder rett under 50 sek pr 50. Hun passerte 400, 5 sek bak pers, og runda 800 på 13:03. Etter 800 gjekk det litt tyngre, men hun mobiliserte og kjørte rundetider på de siste 300 godt ned under 50 igjen. Stine kom inn på 24:35:20. Det var heilt tomt, og hun hadde tatt ut alt, seie ho til Elisabeth, som hadde lagt opp til eit skjema på 24:29. Dette var god lærdom for desse tre, med tanke på disponering av løp.

fv: Reinert S. Erland, Stine Myrland og Sivert S. Verhage, symde 1500 meter for første gang i helga.

Henrik Stubhaug Hadde ein særs god lørdag med nokre imponerande tider på 50 og 100 bryst. Han nærmar seg UM krav, og har fleire Nordsjøkrav inne. Med 1:16:00 på 100 bryst og 34:36 på 50 bryst, så kan han med god trening framover nå desse milepelane før storebror Even klarte det i forhold til alder.

Sivert Verhage kom for første gang under 30 på 50 fri. Han symde inn på 28:89. Sivert imponerte også på 100 fri med 1:02:63 på lørdag, med 1500 meteren i kroppen.

Simen Furesund Grimeland satte ny pers på 100 bryst med ca 10 sekund, og symde inn til gull på denne øvelse. Han hadde også ein god 100 medley, som førte han inn til bronse og ny pers.

Det var mange som forbedra sine personlige rekorder, og stemnet under eit, var ein flott opplevelse for klubben.

Oppsumert, så ble det 14 gull, 7 sølv og 17 bronse til Førde symjarane.

Dei som deltok for Førde i helga var: Stine Myrland, Ingrid Levie Vegsund, Jenny Bjørkaug, Elisabeth Mundal, Sivert Verhage, Martin Kriken, Henrik Stubhaug, Erik Alnes Litsheim, Reinert S. Erland, Nikolay Hvidsten, Andreas Hvidsten, Sondre Kriken, Adrian Kriken, Simen F. Grimeland, Thomas Husevåg Løland, Atle Ølnes Kapstad, Ludvik Vassbotn Guldhav, Magnus Johan Bøe og Aksel Bjørkhaug.





6 Norske rekorder på Masters NM i Fredrikstad av Førde symjarar.

Postet av Førde IL - Symjing den 26. Mar 2017

NM Masters blei i år arrangert i Fredrikstad. Førde IL Symjing var for første gang i historien representert med symjarar på NM. Elisabeth Mundal og Pernille Berntsen som begge var med i klasse pre-master (klasse 0). Dei forsynte seg grovt av medaljefatet, og arrangøren gjekk sågar tom for gull medaljar. Det vart også satt mange norske rekorder av symjarane våre.

På fredagen tjuvstarta dei med to lange øvelser før stemnet vart offisielt åpna. Det var 1500 fri for kvinner og 800 fri for menn. Elisabeth symde inn til ny Norsk rekord på 1500 fri med tida: 22:59:17. På 100 fri så symde Pernille inn til ny Norsk rekord med tida 1:00:47. Elisabeth tok bronse. På 50 bryst, så symde Pernille inn til gull med tida 34:93. Elisabeth tok sølv.

På Lørdag starta dei med 400 medley. der symde Elisabeth inn til ny Norsk rekord med tida 6:17:66. På 50 fly tok Pernille gull med tida 31:98, medan Elisabeth tok bronse. På 100 rygg symde Pernille inn til ny Norsk rekord med tida 1:09:19. Elisabeth tok bronse. På 200 fri symde Pernille inn til ny Norsk rekord med tida 2:11:84. Elisabeth tok sølv. På 100 fly tok Elisabeth gull med tida 1:28:73.

På Søndagen starta Pernille med å sette ny Norsk rekord på 50 fri med tida 27:99. Elisabeth tok bronse. 50 rygg vant Elisabet og tok gull med tida 38:94. På siste øvelse, 100 medley, tok Pernille gull med tida 1:09:59. Ellisabeth tok bronse.



Totalt sett, så tok dei to damene fra Førde, 11 gull, 2 sølv og 5 bronse.
Det vart satt 6 Norske rekorder av dei to Førde symjarane.
Det er veldig kjekt at Førde gjer seg bemerka også blandt dei eldre symjarne i landet. Masters er ein fin måte å ta vare på symjarar som er blitt for gamle til landslag eller har trappa ned av andre grunnar. Skule og jobb, samt familie tar mykje tid når ein blir eldre. Mange masters symjarar har også eit engasjement i ein symjeklubb rundt om i landet. Det er ca 450 deltakarar i Fredrikstad, men det har vert godt over 500 deltakarar når det er i dei store byane.



Rekord stor gjeng symjarar fra Førde på Vårduppen på Eid i helga.

Postet av Førde IL - Symjing den 12. Mar 2017

I alt 24 approberte symjarar deltok i helga på Vårduppen på Eid fra Førde. Fem jenter og 19 gutter.

Det var mange høgdepungt å ta tak i fra helga. Førde har i lengre tid prøvd å få med fleire jenter, og det er gledelig at det no ser ut til å kome nokre nye. 5 jenter er lenge siden vi har hatt på eit stemne. Og 19 gutar, dei fleste 13 år og yngre, men også med noken litt eldre tennåringer.

Lørdag bød på eit utruleg resultat på 100 fri for 04 årgangen. 5 av gutane var innafor 1,2 sekund. Ein så jevn 100 fri i samme årgang er ein kjempe styrke for gruppa. Dei presse kvarandre på trening og stemne, og når så lite skille, så er det den som har den beste dagen som trekker det lengste strået.

Søndag starta med 800 fri. Førde hadde 10 symjarar i aksjon, og fleire av dei imponerte med veldig god innsats. Dette var for mange av dei, første gangen dei prøvde seg på ein slik lang distanse. For fleire av dei, så gav det meirsmak.

På stafetten, 4X50 fri for damer, så vart det førsteplass til jentene fra Førde. På laget var Elisabeth Mundal 94, Jenny Bjørkhaug 07, Stine Myrland 05 og Maren Vinjevoll Årdal 03. Dei symjde på tida 2:30:20.

For gutane så stilde Førde med 4 lag. Førstelaget vant heile øvelsen med 3/100 forran Eid. Det var uhyre spennande på slutten, da Eid sin symjar knappa inn kraftig på forspranget Førde hadde fått før siste etappe. Men med ny ankommet Sivert S. Verhage (overgang fra Florø) på slutten som symde sin etappe på 29:04, så sikra han gullet. Alle dei fire gutane, Henrik Stubhaug 03, Mardon Erland 00, Reinert Erland 04 og Sivert Verhage 02 symde på 2:01:77.

Rekruttane symde sine øvelser i pausen i Vårduppen begge dagane, og dei hadde det kjempe kjekt. Førde stilte med 11 rekrutter, og dei får vist kva dei har lært den siste tida. Det gror godt i dei yngre rekkene, så dette blir kjekt å følge vidare.

Førde IL Symjing sine deltakarar på Vårduppen 2017. Foto: privat




LÅMØ Vest 2017

Postet av Førde IL - Symjing den 28. Feb 2017

LÅMØ Vest er over, og Førde IL Symjing ser tilbake på eit vellukka arrangement.

Etter lang tids planlegging og møtevirksomhet kom vi endelig til LÅMØ helga.

Torsdag 9 Februar starta rigginga. Fram mot denne dagen har fokuset vert på å tilrettelegge mest mulig for at rigging og stemnet skulle gå knirkefritt.

det var ca 20 personar med på rigginga, alt fra symjarar til foreldre. Banetaua som var klargjort til stemnet blei lagt uti til treninga, slik at dei klubbane som hadde meldt sin ankomst i forkant kunne få trene under optimale forhold. Det var mykje som blei gjort på veldig kort tid. alt det tekniske blei rigga med Rune Bakke som holdt styr på kva som skulle kobles kor, og Mens stolar og reklame banner/flagg blei sett opp i hallen, så holdt noken på med å rigge til for premie utdelig og bilettar. Garderobe fordelig i kjellar og oppe vart sett opp. Rekreasjonsrom og pauserom vart også ordna. Kl 20:00 kom Peppes Pizza med mat som dei sponsa oss med, det smakte godt med noko å bite i etter fleire timer med rigging.

Aldri før har vel hallen sett så flott ut, og det var klart til stemne start på Fredag 10/2 kl 14:00

Fredag 10/2 kl 12 var det innsvømming. Det er eit fantastisk syn å sjå når over 300 svømmere skal svømme inn på samme tid. Da er det ca 0,9 meter per person i kvar bane. Publikum og klubbane strøymer inn i hallen.

Kl 13:40 er det klart for innmarsj, og når alle skuleungane som har fått fri fra skulen for å komme å sjå på innmarsjen, så er det mellom 5-600 personer inne i hallen på ein gang.

Dommerne marsjerer inn og finner sine plasser rundt bassenget, før svømmerne/klubbene sin defilering begynner. Klubbene kommer inn med Førde IL i spissen, og alle får sjå dei 25 klubbane. Det vert holdt taler ved leiar i FIL Symjing Odd Magne Grimeland, Varaordfører Harald Haugsvær og dommeransvarlig i Norges svømmeforbund Alice Boyd.

Stemnet begynner kl 14:00 samme tidspungt som dei fire andre plassane i Norge som også arrangerer LÅMØ 2017.

Stemnet under eit blir ein kjempesuksess. Det vert sett fire LÅMØ rekorder iløpet av helga. Tre av dei er det Andreas Sigvaldsen født 2006 som tar, medan Jon Jøntvedt født 2003 tar ein rekord på 400 fri.

Andreas Hvidsten tar flerie klubbrekorder, noko som også Stine Myrland og Henrik Stubhaug klarer. Førde IL Symjing stiller med heile 9 symjarar på LÅMØ, noko som er tangering av rekorden antall deltagere. Andreas Hvidsten blei også nr to sammenlagt, ein prestasjon ingen i klubben har gjort før han i denne aldersgruppen

Etter at helga er avslutta, og alle dei kring 70 funksjonærane har gjort tjeneste for klubben, både med rigging/rydding før, under og etter, og dei som har deltek direkte med avviklinga av stemnet, så har kubben fått mange gode tilbakemeldinger på arrangementet. Kommentarer som, like bra som vektløfter EM, og fantastisk temning. Da er det gøy å være med i ein organisasjon som gjer det så bra. Det gir også lysten til å ville ta på seg fleire stemne, og vi håper ein gang i framtiden at vi kan få ein ny symjehall, så vi kan arrangere stemne som NM.

Økonomisk var dette også eit bra stemne for klubben, noko som vi såg på som ein utfordring siden vi som ein av få klubber i Norge må betale hall leige for stemnet, og vi ikkje har mulighet til å drive kafè og ha inntekt fra denne. Men etter evalueringa, viser det seg at vi har eit fint overskot etter stemnet, noko som vil komme klubben og symjararne til gode.

Takk til alle som bidrog på stemnet.




Nordplan stemnet

Postet av Førde IL - Symjing den 23. Jan 2017

Siste stemnet i heile Norge før påmeldingsfristen til LÅMØ går ut, vart avvikla i Førde mandag kveld. Det var berre LÅMØ øvelser, og det vart gjort heilt enkelt. 4 baner og manuell tidtaking. Dommerne fekk ein siste gjennomgang før LÅMØ.

Det var også idag satt fleire nye perser, selv om flerie av utøverane var på stemne igår, så forebedra dei seg meir. Vi fekk også enda ein utøver klar for LÅMØ.

Det var nesten berre Førde symjarar, men også Sivert Verhage fra Florø og Natalie Kristine Skau fra Lørenskog/Rælingen. Sivert satser ikkje mot LÅMØ, men det gjer Natalie. Ho mangla ein øvelse for å kunne være med på LÅMØ Øst, så ho tok like godt turen over fjellet, berre for å svømme 100 butterfly. Det er utrulig kult at noken gjer det. Og no kan ho glede seg til å være med på LÅMØ.

Resultater Nordplanstemnet 230117.pdf




LÅMØ kvalifisering i Bergen.

Postet av Førde IL - Symjing den 22. Jan 2017

Stine Myrland (under)var den einaste jenta fra FIL Symjing som var med på LÅMØ kvalikk i Bergen. Ho klarte å kvalifisere seg til LÅMØ, og blir med det, einaste jenta fra klubben. Fil symjing har veldig få jenter, så det er utrolig gøy at ho gjer det så bra. Stine satte mange presonlige rekorder i Bergen, og ho er på rekordjakt i forhold til LÅMØ rekordene til FIL Symjing. Stine skal no fokusere alt inn mot LÅMØ. Vi kan sjå av tidene til Stine, at ho ofte avslutter sterkt på siste 50, så med litt løpsopplegg trening og stemne erfaring, så klarer ho nok også å svømme enda litt fortere.

Henrik Stubhaug (under) hadde også eit veldig godt stemne. Han låg litt utsatt til i gruppa si i forhold til LÅMØ kvalikk, men med helgas imponerende svømming, så er han også klar for LÅMØ. På 200 bryst, så svømte han også inn til 2:51:30, ei så god tid at han klarte kvalifiserings kravet til Nordsjøstemnet i November. Henrik snuser også på LÅMØ rekorden i 14 års klassen på denne øvelsen.

Totalt var det 9 symjarar frå Førde i Bergen. Alle hadde store rekordforbedringer, og nokre debuterte også på fleire av øvelsane. Mykje spenning var knytt til 04 klassen, der det er uhyre tett blandt dei 24 som får være med til LÅMØ. Det har vert ei veldig god helg for Førde symjarane, Så dei har ihvertfall ikkje svekka sjangsane sine. Dei yngre symjarane tok mange sjumils svømmetak i helga, og fekk registrert nye tider på øvelser dei ikkje hadde svømt før, og noen forbedra også gamle tider.

Elisabeth var med som lagleiar, og ho seie at ho aldri har vert med på liknande på noke stemne før. Ho er meget stolt over symjarane, og deiras prestasjoner. Ikkje berre tidene som blir oppnådd, men også at mange som har slitt litt med enkelte øvelser, no ser ut til å ha knekt koden. Dette gir motivasjon til videre innsats, og mykje moro langt inn i framtiden.




Treningsleir i Årdal

Postet av Førde IL - Symjing den 22. Jan 2017

Denne gjengen var på treningsleir i Årdal i regi av Sogn og Fjordane symjekrins. Fra Førde var Ingrid, Reinert, Maren og Mardon representert.

Symjarane har hatt ein god helg med masse innputt og hard trening, både i vann og på land. Dei har kvar, svømt ca 18.000 meter i helga. Tilbakemeldingane var svært gode, og symjarane likte opplegget og bassenget. Her vil dei gjerne tilbake, og dei håper at klubben i Årdal vil arrangere eit symjestemne.

Trenarane denne helga var (bak til høyre) Sander Smørdal og Alexander Mokkelbost. To trenere som har vert mange ganger på treningsleir med symjarar fra krinsen.

No er det berre tre veker til LÅMØ, så no er det full sjerpings og bare svømming som gjelder fram til 10-12 Februar.




Trøndersvøm 2017

Postet av Førde IL - Symjing den 15. Jan 2017

Trøndersvøm 2017 gjekk av stabelen i helga. Førde IL Symjing med Reinert S. Erland på startstreken var kvalifisert og påmeldt til 7 øvelser. Han endte opp med 9 personlige rekorder.

400 Fri, åpna stemnet på fredagen, og han satte like godt pers både på 200 og 400 fri underveis. Heile heatet var omtrent samla ved 200 passering, men etter det, så skilte det seg ut ein firer bande i tet. Reinert låg sist av dei fire heilt til det gjenstod 50 meter. Då hadde han så mykje krutt til overs, at han avslutta siste 50 med ein 37 runde etter å ha svømt jevne 41 runder, så han tok like greit heat seieren. Det var utrulig gøy å følge. Slutt tida blei 5:22:07, som er pers med nesten 9 sekund.

Dei andre øvelsane, så forbedra han seg litt, og var generelt fornøyd med gennomførelsen. På 200 medley, så åpna han sterkt, og satte ny pers på 50 fly, før han avslutta på 2:59:77. På siste øvelse på stemnet, så svømte han 200 rygg. Ein øvelse han har hatt litt stang ut på i det siste. Han åpna knallsterkt, og som einaste utøver i heatet, så valgte han å ikkje bruke ryggstarteren, men han hadde den klart beste starten, og holdt farten heile vegen. Til 100 passering, var han 6 sekund forran persen sin på 100 rygg, og til slutt persa han med 6,5 sekund. Ny tid 2:55:77, som satte prikken over ièn på eit vellukka stemne.

Bassenget er saltholdig, av ein slik mengde at det føles som å svømme i havet. Det var veldig uvandt, men det skal gi ein bedre flyteemne, som favoriserer større og tyngre svømmere. Stemnet samler mange av dei beste utøverane i landet, og det er veldig motiverende å sjå og svømme illag med dei. Ikkje ofte man er med på eit stemne der vi ser tider på 50 sekund på 100 fri, og det av svømmere med fullskjegg og uten badehette, som heilt tydelig berre er der for å bygge selvtillitt framfor NM.

Reinert er klar til start i bane 8.





Klubbkveld for treningsgruppa.

Postet av Førde IL - Symjing den 11. Jan 2017

Onsdag 11/1 hadde vi klubbkveld på FIL huset i Hafstadparken.

Det var ca 40 personer, både utøvere og foreldre var representert.

Peppes Pizza i Førde leverte 15 pizzaer og drikke. Kaffi kom fra Sunnfjord Catering.

Det vart holde eit kostholdsforedrag av Hanne Lien fra Lien Helse. Under foredraget, så kom det fram mykje god informasjon om kosthold og viktige faktorer i mat rutiner og kva utøverane treng av mat og drikke for å ha overskudd i hverdagen til både skule og trening. Foreldra tok bilder og noterte flittig etterkvart som Hanne viste og fortalte. Det var nok noken, både unger og voksne, som har fått noko å tenke på i forhold til kostholdet. Også på trener sida, så er det viktig å ha med seg, at når man trener så lange økter som vi gjer i svømminga, så er næring viktig.

Hanne Lien holder foredrag om kosthold.

Nordplan og Sparebanken Vest holdt også kvart sine innlegg om kva slags arbeidsoppgaver dei har. Dei fekk presentert seg for symjarane og foreldra, slik at gruppa får eit forhold til sine sponsorar. Sponsorar er viktige av mange grunner. Det økonomiske er selvsagt viktig, men også det visuelle. Det å sjå ein utøver med sponsormerker på klea, det gjer noko med både utøver og publikum.





Tre Førdesymjarar var på Asker Open.

Postet av Førde IL - Symjing den 8. Jan 2017

Asker Open vart arrangert i helga. Det er eit stort stemne på austlandet, som mange av landets beste deltek på. Førde hadde tre symjarar på stemnet, og dei kom alle heim med premier i sekken. Men best av alt, dei satte mange flotte personlige rekorder.

fra vestre: Nikolai, Simen og Andreas.

Nikolai Satte fleire gode tider, og gjorde eit godt hogg på 200 bryst og 100 butterfly persane sine. Det har lugga litt på bryst tidligare, men no har han jobba litt ekstra med teknikken, og trent godt i jula, så det er godt at det viser igjen på resultatene.

Simen kom under 6 minutt på 400 fri for første gang, og den følelsen er bare deilig. Det er ein milepæl som er oppnådd, og da er det godt å starte stemnet på ein slik måte. Han persa også på fleire øvelser, og på stemnets siste øvelse, så persa han på favoritt øvelsen, 100 butterfly. Der svømte han inn på 1:26:25, som er ei forbedring med over 1 sekund. Det er lenge siden han har persa på den øvelsen, så det er nok ein ekstra vitamin innsrøytning å få det til.

Andreas er to år yngre enn dei to andre, men han gjorde sakene sine meget bra i Asker. Han svømte 400 fri på 5:39:26, noko som er ein forbedring av pers med ca 11 sekund. Han satte også to flotte persar på 50 bryst og 50 fly, der han også tok førsteplassen på 50 bryst. I klassen til Andreas, så møtte han ein av Norges aller beste i sin årsklasse, så det var litt tøft å hamle opp med han i alle øvelser, men på 100 rygg, så var han nesten heilt der oppe. Da svømte han på smått utrulege 1:21:92, som er den tredje beste tida på 100 rygg i 2006 klassen i heile Norge siste året. Han var berre 82/100 fra å vinne over Kristian Tronstad som er rangert som nr 2 i Norge i 2006 klassen. I tilleg så fekk Andreas marsjere inn på finaleheatet på 100 rygg, på samme måte som dei skal gjere på LÅMØ, så da var det ekstra godt å få unnagjort den opplevelsen. Da veit han kva han mest sannsynlig må igjennom fleire ganger på LÅMØ. Andreas var før stemnet rangert som nr 2 på region vest på LÅMØ øvelsane, så han får nok fleire finale innmarsjer der også.