Hauststemnet på Eid 2018

Postet av Førde IL - Symjing den 11. Nov 2018

Stemnet på Eid i helga var eit stemne der rekruttane og dei yngste var i fokus. Førde stilte med 40 symjarar, dervar 17 rekruttar. 

Lokale dommarar fra klubbane i Sogn og Fjordane er med på å sikre at stemna i fylket kan arrangerast. 4 klubbar stilte med dommarar til stemnet, noko som er veldig viktig for at vi kan arrangere stemner i fylket.

Rekurttane imponerer med ein veldig innsats og glede. Fleire hadde sitt første stemne, og dei tok utfordringen på stark arm då lagleirarane utfordra dei til å symje stafett. Mange syntes det var kjekt ,og det gav veldig meirsmak. Nokre av rekruttane er snart klar for å approberes, så neste år, ser det ut til at tilveksten fortsetter i klubben. Mange av rekruttane overnatta også på Eid, og fleire deltok på felles middag på kvelden med klubben.

Dei flinke foreldra som var med å sove på skulen med ungane, laga til eit veldig flott bord til kveldsmaten. Dei sørga for at ungene også fekk seg frokost og lunsj, så det skulle ikkje stå på tilbudet av mat. Ungane var veldig aktive med mange forskjellige aktiviteter på kvelden, og dei fekk virkelig brent av resten av energien dei ikkje fekk ut i bassenget. Dei eldste spelte eit kortspel/rollespel, som dei voksne ikkje har snøring på kva går ut på. Utover kvelden, så dukka det også opp fleire symjarar fra andre klubber, både dei lokale Eidarane, og symjarar som budde andre steder. Dei ville også være med på den sosiale aktivetane som ungane hadde i gymsalen.

Dei approberte symjarane hadde også ein bra helg. Fleire av dei yngste approberte forbedra sine personlige rekorder mykje. 

Sunniva S. Hallanger (07) imponerer med ein fantastisk 50 meter fri på første etappen på stafetten til jentene, der ho svømmer inn på rett over 35 sekund. Ho deltar også på fleire øvelser som ho gjer det meget bra på, også avslutter ho med ein sterk 800 meter på rett i overkant av 13 minutter.   

Fleire av guttane får også gjennomført viktige LÅMØ øvelser med gode tider på. Simen Furesund Grimeland (04) kjemper seg inn under 3 minutter på 200 bryst, etter godt samarbeid med Reinert S. Erland (04). Dei avtaler på forhånd at Reinert skal kjøre tempoet til 2:55, og Simen skal bite seg fast og henge på så lenge som mulig. Simen kjem inn på 2:55, så ein kan sei at dette var godt team work. Anders S. Kvåle (05) svømmer også ein meget god 200 bryst, og kommer inn på 3:19. 

Stine Myrland (05) forbedrer også sin 200 bryst, og kommer inn på 3:17. Stine kommer også inn under 40 sekunder på 50 fly for første gang, og setter pers med 4 sekunder på 200 medley. 

På stafettene, så vinner Førde jentene 4x50 fri. På laget var: Sunniva S. Hallanger (07), Maren V. Årdal (03), Stine Myrland (05) og Jenny Bjørkhaug (07). 

Guttene vinner også 4x50 fri, og andrelaget tar tredjeplassen. På lagene svømmer: (Andrelaget): Sondre Kriken (05), Adrian Kriken (05), Vetle H. Malterud (07) og Aksel Bjørkhaug (05). (førstelaget)  Simen F. Grimeland, Reinert S. Erland, Anders S. Kvåle og Henrik Stubhaug (03)  Førstelaget tar også seieren på 4x50 lag medley på søndagen. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.