Barnehagesymjing med symjeklubbane i Førde.
Postet av Førde IL - Symjing den 9. Mai 2019
Denne veka starta Førde IL Symjing i samarbeid med Neptuns Barn opp symjeundervisning for barnehageungar. Barnehagesymjing i regi av symjeklubbar har vore ein populær aktivitet i mange kommunar i landet, og endeleg har det komt igang i Førde. I samarbeid med instruktører fra Neptuns Barn, så har symjeklubben kunne tilby dette til fleire barnehagar i Førde. Tre av barnehagane som vart spurt har takka ja til tilbudet, og dei ungane får no ein kickstart på badesesongen i Terapibassenget. Dei tre barnehagane er Tusenfryd, Slåttebakkane og Sunde Barnehage.
Dei ungane som skal vidare i skulen etter sommeren vil nyte godt av at dei er vanntilvendt, og kan komme godt igang med symjeundervisninga i skulen. Det er ganske vanskelige kompetanse krav i barneskulen til symjekunnskap, og det er ikkje gitt at ein fjerdeklassing klarer symjeprøven. Målet med barnehage symjinga er å få flest mogeleg trygg i vatn, og om noken klarer å symje, så er det ein bonus. Å lære å bli trygg i vatn, kan være med å bidra til å hindre at barn drukner på badeferie, fisketur eller leik nær vatn.
Symjeskuleansvarleg for Førde IL symjing, Øysten Erland, har eit mål om å kunne ha enda fleire barnehager på symjeundervisning, samt at klubben på sikt ønsker å ta over all symjeundervisning i den nye Sunnfjord Kommune med ein model på symjeundervisninga som dei brukar i Bergen. På sikt vil det også bety at klubben må ha ansatte, noko som også gjer til at det skapes flere arbeidsplasser i kommunen. Med ny symjehall, så vil dette være mogleg å få til.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Symjing
NM Kortbane 2024
19.11.2024
Nordsjø 2024
28.10.2024
NM Ungdom 2024
28.10.2024
Årets vakraste eventyr
28.10.2024
AdO Open 2024
06.10.2024
Førdestemnet 2024
06.10.2024