To stemner på ei helg

Postet av Førde IL - Symjing den 25. Apr 2023

I helga var det symjestemner for nesten alle i klubben. Dei som var kvalifisert for BSF tok turen til Bergen, medan dei som var fødd 2011 og yngre var på Sandane på det første stemnet som var arrangert av STIL symjeklubb. 

I Bergen vart det levert gode tider av alle sammen. Dei 4 ÅM kvallifiserte symjarane hadde mest fokus på poeng på langbane i forhold til regionlagets utviklings gruppe (RUG), og dei har også mest fokus på ÅM som kjem seinare i vår. Symjarane våre er ikkje godt kjent med å symje i langbane, og derfor er dette meir for å lære. Likevel, så vart det satt nokre persar og NM-Ungdoms krav av Mathias Holme (08). William Wergeland (07) var svært nær på fleire øvelsar også. Even Bjørkhaug (09) Armandas Belaglovis (09) tok seg eit skritt nærare å kvalifisere seg til RUG*. Mathias, har nok nok poeng til å være kvalifisert til RUG.

Reinert Erland (04) og Natalie Råheim (09) var også med på BSF. Reinert svømte litt bedre enn forventet, og var fornøyd med stemnet sett under ett. Natalie fekk ny pers på 200 fri, og var ikke så langt bak på dei andre øvelsene. 


På Sandane var det eit uapprobert stemne med over 50 deltakarar. Vi hadde 10 deltakarar fra Førde, og det var meget god stemning. Det blei symd 25 og 50 metera, og 100 fri. Stemnet vart avslutta med stafetter. Det er svært gledelig at det kjem fleire symjarar til kretsen, og dette viser at det går heilt fint å starte ny symjeklubb og få det til. Gledelig å sjå Sogndal på stemnet også.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.