Førdestemnet 2023
Postet av Førde IL - Symjing den 10. Sep 2023
Denne helga vart det arrangert Førdestemnet 2023 i Førdehuset. Dette var sesongens første stemne, og det var utøvere fra Eid, Sandane, Ålesund, Bergen, Svelgen og Rana som var tilreisande til Førde.
Så tidleg i sesongen, så var det ikkje stilt store forventninger til utøvarane, men dei presterte likevell ganske så bra. William Wergeland tok heile tre NM-Ungdom krav iløpet av helga, og han ligger meget godt an for kommende sesong. Hovedtrener Håvard Hjelle Melle synes gjengen presterte som forventet ++, og ser lyst på tiden fremover.
Eit par debutanter var det også, begge i 2010 klassen, men Arno Abolins og Erik Leander Horstad. Dei fekk satt fleire gode tider, og vi gleder oss til å følge dei vidare.
Natalie Råheim var med på 1500m og hun forbedre seg med ca eit halvt minutt på denne øvelsen, og med en sånn bra gjennomkjøring på dette stemnet, så sikter hun på endra bedre tid i AdO om nokre veke.
Fleire av symjarane har også fått ein del ny teknikk som viser seg gjeldande. Mange har forbedra seg tydeleg på bryst symjinga, men også på andre stilarter har dei forbedra seg litt. Det å få inn nye auge som kan sjå symjarane på ein annan måte, har vert gull verdt for symjarane.
Som alltid så lager Førde symjing gode arrangement, og dommerstanden var på sitt aller beste i helga. Stemnet var med 4 baner, og med 13 dommarar + to aspiantar, så vart dette eit vellukka arrangement. Staben med funksjonærar sørgde for at dommarar, ikkje gjekk sultne og tørste heim.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.