LÅMØ Vest 2017 til Førde 10-12 Februar.
Postet av Førde IL - Symjing den 29. Feb 2016
Førde IL Symjing har blitt tildelt LÅMØ Vest 2017 10-12 februar. Dette er eit regionalt landstemne der dei 24 beste i alderen 13-16 år skal konkurrere i 5 øvelsar om å få kvalifisere seg til landsfinalen ÅM. Dei som er 11-12 år må kvalifisere seg ved å svømme dei 5 øvelsane og få ein tid.
Dei 5 øvelsane er: 50/100 fly 100/200 bryst 100/200 rygg 400 fri og 200 medley. 11 åringane svømmer den kortaste distansen. Vestlandet er rekna for å være den tøffaste avdelingen å komme med, og er man blandt topp 10 på Vestlandet, så er sjangsen stor for å komme med til ÅM der dei 24 beste 13-16 åringane fra heile landet møtast.
Førde IL Symjing arrangerte same type stemne i 2014, og erfaringane og tilbakemeldingane vi fekk då er at dette kan vi.
Vi kjem til å trenge mange funksjonærer på stemnet, så vi ber flest mulig om å sette av denne helgen i februar til ein dugnadsinnsats. I 2014 hadde vi ca 70 funksjonærer i aktivitet gjennom heile helga. Vi treng heilt sikkert minst like mange.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.