Fil Symjing feirer 40 årsdagen i Volda
Postet av Førde IL - Symjing den 3. Des 2016
Førde IL Symjing var idag for 40 år siden stifta av Grunde Selås. Klubbens historie kan du lese meir om på sida "om Fil Symjing"
Klubben er på reise i Volda på det tradisjonsrike julelauget, som vi pleier å reise på kvart år.
Symjarane har gjort mange gode prestasjoner, og dei forbetrer tidene sine heile tida. Mykje av fokuset er på LÅMØ øvelsane, men også andre øvelser blir symde. Volda er kjent for å ha eit raskt basseng, noko som motiverer symjarane. Første dag av stemnet er unnagjort, så no er det kvelds og kvile for ein ny dag i morra.
På bildet: bv: Simen Furesund Grimeland, Mardon Solheim Erland, Nikolai Hvidsten, Reinert Solheim Erland, Henrik Stubhaug, Maren Vinjevoll Årdal. fv: Elisabeth Svorstøl Mundal, Erik Alnes Litsheim, Atle Ølnes Kapstad, Andreas Hvidsten og Hans Fredrik Laache.
Søndagens svømming fekk Førde symjarane til å ta ut det siste dei hadde igjen i helga. Det var masse god svømming, og dei yngste guttane som var med, viser at det er bra rekrutering bak dei eldste symjarane. Vi har ein fin gjeng på veg opp fra symjeskulen, så vi håper på jevn rekrutering i åra frammover.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.