Ny utdanna stup og symje instruktører i Førde
Postet av Førde IL - Symjing den 13. Jan 2019
I helga har det vore høg aktivitet i klubben. To instruktører tok vegen til Bergen for å delta på stupinstruktør kurset i AdO. Det var Oscar Fink og Alver Brennersted. Dei har lenge hatt lyst å starte som stup instruktører, Derfor var det veldig bra at det vart arrangert eit instruktør kurs så tidleg på året, at ein kan komme igang med sesongen raskt. No venter ein berre på at det skal komme påmeldinger til kurset. Det kan ein melde seg på via denne linken stupekurs Førde il symjing
Også dei nyutdanna begynner instruktørene har vert på kurs i helga. Saman med nokre meir erfarne begynner instruktører, og nokre instruktører fra andre klubber, så vart det arrangert videregående instruktør kurs i Førde lørdag og søndag. Førde utdanna 12 nye videregåande instruktører, og har no ein meget bra gruppe med godt utdanna instruktører med høg kompetanse. Så hvis ein ønsker at barna sine skal lære å symje, så er det berre å følge linken til symjekurs i Førde il symjing
På bildet over er dei nye vidaregåande instruktørene, og på bildet under er dei nye stupinstruktørane.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Symjing

Førdestemnet 2023
10.09.2023

Symjekurs og vannpolo kurs.
16.08.2023

Holsa Open Water 2023
27.07.2023

AdO Cup 2023 med Krets og klubbrekorder.
19.06.2023

Sølv til beach polo laget på Heia Open 2023
19.06.2023

Førdesprinten 2023
05.06.2023