10.000 meter symjing som start på 2020
Postet av Førde IL - Symjing den 1. Jan 2020
Ein fin liten gjeng med symjarar starta 2020 med å ha ein skikkeleg lang økt. Dei to eldste som var med symde 10.000 meter, medan dei yngre holdt det gående i intill tre timar. Åtte av ungane på treninga var 10-11 år og fleire av dei klarte over 7000 meter. Sander Birkeland (08) symde heile 7500 meter på tre timar. Også Natalie Råheim(09), Theodor Monsen(09) og Oliver Drage (08) klarte 7000. Mikal Eriksen(09) symde 5000 meter. Mikal er nettopp begynt med symjing, og har gått på selkurs i høst. Oliver og Sander er på Hai kurs, men dei er nokre av dei som blir å sjå i treningsgruppa utover vinteren og våren. Theodor og Natalie er allereie godt etablert i treningsgruppa. Totalt var det 12 symjarar på den første treninga for året, og det var meget god innsats frå alle. God mat og drikke høyrer til når ein har ein slik økt, så det var alt fra vraps til sjokolade og god drikke å sjå langs kanten idag.
på bildet fv: Natalie, Mikal, Sander, Oliver, Theodor.
På bildet fv og tomme i blikket etter 10.000 meter: Anders S. Kvåle (05) og Reinert Erland (04)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Symjing

Førdestemnet 2023
10.09.2023

Symjekurs og vannpolo kurs.
16.08.2023

Holsa Open Water 2023
27.07.2023

AdO Cup 2023 med Krets og klubbrekorder.
19.06.2023

Sølv til beach polo laget på Heia Open 2023
19.06.2023

Førdesprinten 2023
05.06.2023