Superleikane med symjing og vannpolo

Postet av Førde IL - Symjing den 19. Nov 2022

Superleikane var i Førde denne lørdagen. På programmet stod mange aktiviteter, deriblandt svømming og vannpolo. 

Det var mange deltakarar i bassenget, og dei kosa seg masse.

Først hadde dei ca ein halv time med oppvarming og leik. Heile symjehallen vart tatt i bruk, og noken varma opp i det varme lillebassenget og i stupebassenget. 

Vi hadde nokre øvelser med symjing, der dei symde både 25 og 50 fri. Der vart det symd både crawl, bryst og rygg fra deltakarane. Når dette var ferdig, så tok vi vekk banetaua, for så å ha ein konkurranse på tvers av bassenget på den grunne enden, slik at dei som ikkje trivast på det djupe, kunne være med også. 

Etter symjekonkurransen, så rigga vi til ein vannpolo bane på 12x10 meter. Her var det Askøy vannpolo som tok regi med nokre oppvarmings øvelser, før vi delta inn i to lag og spelte ein kamp. Der fekk deltakarane prøve seg i forskjellige roller på banen, og det var stor stemning. 

På bildet er vi igang med oppvarminga før vannpoloen. Då kasta vi baller til kvarandre, for å bli bedre kjent med det å kaste og ta imot ball i vatnet. Det blei mykje sprut, men sjølv dei som ikkje lika å få vatn i ansiktet, synes dette var kjekt.

Vi håper at fleire har lyst å bli med på symjing og vannpolo fremover. 




Hauststemnet på Eid 2022

Postet av Førde IL - Symjing den 7. Nov 2022

Førde sine symjarar var på Eid i helga. Der fekk dei bryne seg på Eid sine symjarar som gir oss meget god konkurranse. 

Rekruttane til Eid imponerer med stort oppmøte. Dei var mange ti tals deltakarar, og er uten tvil størst i fylket på antall deltakarar på rekrutt stemna. Det er veldig kjekt og flott at dei melder seg på stemna, og at dei får prøve seg på å svømme konkurransar. 

Førde sine rekruttar svømte veldig bra, og dei leverer gode prestasjoner både teknisk og på tider som kan hevde seg blandt dei approberte. På bildet er det eit fullt heat med berre Førde rekruttar igang med 25 rygg. No ventar ein rekrutt samling i Øvre Årdal den 19 November.

Dei approberte symjarane fortsetter å svømme fort. Mange har ein meget god utvikling, og presser hverandre til bedre og bedre tider. 

Mathias Holme (08) svømmer mange gode distanser, og holder fortsatt nivået fra Nordsjøstemnet her på Eid. Han svømmer en flott 400 fri under 4:30, der han avslutter siste 200 raskare enn i Stavanger. Mathias er no tatt ut til Region samling i Bergen i slutten av mnd.

Stafettene er alltid artige, og på 4x50 medley mix, så blir det svært jevnt mellom Førde og Eid. Eid vinner med 3/10 forran Førde, til enorm stemning blandt publikum og deltakarane. På 4x50 fri, så er Førde sitt gutelag eit stykke forran Eid, medan jentene til Eid vinner litt forran Førde jentene. 




Nordsjøstemnet 2022

Postet av Førde IL - Symjing den 30. Okt 2022

Førde IL Symjing var representert med tre symjarar på Nordsjøstemnet i Stavanger. Stemnet er eit av dei største stemna iløpet av året, og er eit internasjonalt stemne med deltakarar fra mange land. Det var (på bildet fv) Natalie Råheim (09) Mathias Holme (08) og Reinert Solheim Erland (04) som representerte Førde.

Mathias tok Førde sin første medalje på Nordsjøstemnet på fire år. Ein skal virkelig være på topp for å klare ein medalje på dette stemnet. Førde er ikkje bortskjemte med medaljer på dette stemnet, og det er den andre medaljen på åtte år. Mathias symde inn til sølv på 400 fri med tiden 4:28:06 Det var sju symjarar innenfor 2.7 sekund som kjempa om dei to siste plassane på pallen, og Mathias var dei nødvendige 100 delane forran. Han symde i heatet før dei beste, og holdt eit meget høgt og stabilt tempo heile vegen. Mathias symde åtte øvelser, og persa på 200 medley som første øvelse. Der fekk han også ein flott femte plass. Han fekk også ein flott femteplass på 100 butterfly og persa med 1.3 sekunder. Også ein liten forbedring på 50 butterfly fekk han, og han er nære å kommer under 30 sekund på denne øvelsen.

Natalie var kvalifisert på fire øvelser, og hun åpna fredagen med ein sterk gjennomføring på 200 butterfly. Der perset hun med 19 sekunder. Hun svømte meget kontrolert og flott gjennom heile øvelsen, og det var mye pga eit godt undervanns arbeid, at hun fekk ein så god gjennomføring. Hun endte tilslutt på ein flott sjetteplass. Natalie persa også på 100 fri og 100 medley. På 200 fri, så var hun i mål på samme tid som persen. 

Reinert var kvalifisert på fem øvelser. Han har pga litt sjukdom og jobb, ikkje fått trent tilstrekkelig til at formen kom til topps, men han fekk til nokre brukbare distanser. Vi tar med oss heim at han har meire inne om han får ein god oppladning til neste gang, og noen tekniske detaljer som må justeres.




Treningsleir i haustferien

Postet av Førde IL - Symjing den 12. Okt 2022

I fem dager har symjarane i Førde hatt besøk av Solid IL Symjegruppe og Eid Symjeklubb på treningsleir hos oss. Dei har blitt leda på treningane av Hanne Strand fra Bærumsvømmerne og Marte Hordnes fra Bergen Vest svømmeklubb.

Svømmerne har lært mange nye øvelser, og dei har virkelig fått kjørt seg i bassenget. Fra lørdag til onsdag har dei vert 16 timer i bassenget. Det har vert lærerikt også for trenarane som har vore tilstades langs kanten. Førde og Solid sine trenere har vore med under heile leiren, og tillært seg mange nye øvelser.

 I tilleg har dei vore på Spenst Førde og hatt landtrening imellom øktene i bassenget. Dei har fått prøvd seg på ein del basis øvelser, spinning, styrke og avslutta økta på onsdagen med yoga. 

Mandag kveld samla vi utøverane til ein sosial happening på Førde klatresenter. Der fekk dei servert Pizza fra Peppes Pizza, og dei fekk klatre til dei ikkje orka meir.  

Førde symjarane skulle uansett ha ein leir i haustferien, og da Solid ønskte å komme på besøk til oss, så var det berre kjekt. Dei har symjarar på omtrent samme nivå som våras symjarar, så dei passa godt ilag i banene. Leiren var gratis for utøvarane å delta på, og dei tilreisande trengte berre å sørge for egen kost og losji. Det vart servert lunsj etter styrkeøkta. 





AdO Open 2022

Postet av Førde IL - Symjing den 3. Okt 2022

Denne helga var Førde symjarane i Bergen på symjestemnet AdO Open. Det er eit av dei største stemna på hausten, og Førde stilte med 15 symjarar. 

Formidagsøktene er også kvalifisering til kveldsfinalene, og Førde hadde fleire utøvarar med i finalane. Mathias Holme(08)(på bildet) deltok i A-finalen på 1500m, og han leverte ein gnistrande distanse. Han symde meget jevnt, og snitter på ca 36 sekunder på alle 50 metere. Han klarer å forbedre tiden fra Førdestemnet, og kommer under 18 minutter. Ny pers er på 17:58:82. No er det bare å ta opp jakten på en nesten 30 år gammel klubbrekord. Han er allereie ein av dei raskaste langdistanse symjarane i klubbens historie.

Mange av symjarane fekk til gode tider, og fleire klarte å kvalifisere seg på nokre distanser til Nordsjøstemnet. Natalie Råheim(09) tok heile tre nye krav til Nordsjø, og får dermed slå følge med Mathias og Reinert Erland(04) til Nordsjøstemnet i Stavanger. Førde har ikkje for vane å ha så unge symjarar på Nordsjøstemnet, så dette er stort og meget bra jobba. 

Kevinas Belaglovis og Sigurd Mathias Korsvoll (begge 2011) symde begge inn til noen gode tider. Dei topper for øyeblikket LÅMØ Vest rankingen i 2011 klassen, noe som er kjempe gøy og inspirerende for svømmerne og klubben. 

Også William Wergeland(07), Even Bjørkhaug(09) og Armandas belaglovis(09) har klart kvar sine krav til Nordsjø iløpet av denne helga, så det lover godt for kommende sesonger, når vi har så mange som er og vipper på krava. Totalt har vi 9 symjarar med Nordsjø krav, noke vi er stolt av. 





Medalje på NM-junior vannpolo

Postet av Førde IL - Symjing den 25. Sep 2022

Førde stilte med tre spelarar på eit blanda lag med Askøy/Bergen i U14 og U20 klassen på NM-Junior i vannpolo i Kragerø. Begge laga fekk bronsemedalje i NM. 

Petrikke Monsen(07) og Eirik Snilstveit(08) deltok på både U14 og U20 laget, og Edvard Aamot(06) deltok på U20 laget. Dei som var med på begge laga, fekk verkeleg kjørt seg, med masse kamper. 

Sjølv om Vannpolo er ein liten sport, så kreves det masse teknikk, fysikk og gode svømmeferdigheter. Vi har i eit års tid no hatt ein vannpolo gruppe som vi har prøvd å få til. Så vi håper at vi kan stille eiget lag etterkvart. 

U14 laget over

U20 laget over

Dei som har lyst å starte på vannpolo i Førde, kan gjere det fra dei klarer å symje i bassenget på eigenhånd. Vannpolo er morsomt, sosialt og meget god trening for heile kroppen.





Førdestemnet 2022

Postet av Førde IL - Symjing den 13. Sep 2022

I helga så arrangerte vi Førdestemnet. Stemnet er det første i høstsesongen for våres del, og det gir ein fin peikepinn på kor ein er i løypa. 

Stemnet var også ein dommersuksess, da vi fekk utdanna fem nye dommere til krinsen. Å ha nok dommere er noke av det viktigeste ein må ha på plass for å kunne arrangere stemner. Ein kan ikkje alltid belage seg på at ein får nok tillreisande dommere. Spesielt når ein bur langt vekk fra folkerike områder med mange svømmere. 

På dette stemnet har vi også pleid å ha 1500m på programmet, og i år så var det fire deltakarar som tok fatt på den lengste distansen innendørs som vi har. Det var tre Førdesymjarar og ei fra Volda som deltok. Natalie Råheim og Armandas Belaglovis (begge 09) symde side om side i fleire hundre meter, før Natalie drog ifra på slutten. Begge fekk ein tid i underkant av 21 minutter, og dei jobba godt undervegs med å pushe kvarandre i bassenget. Mathias Holme (08) var i ein klasse for seg sjøl. Han holdt eit snitt på under 1:15 på alle 100 meterane, og kom i mål på sterke 18:09:73. Ein forbedring på ca eit og eit halvt minutt fra forrige gang. 

Det vart satt mange flotte tider på andre øvelser, og noken tok nokre milepæler undervegs også. Eirik Snilstveit (08) kom seg under 30 sekunder på 50 fri for første gang. 

Også på rekrutt stemnet i pausen begge dager, var det mykje bra svømming. Det var fleire rekruttar påmeldt stemnet, enn det var approberte, og det er ein bra ting for sporten at det vekse godt bakover i årsklassane. 




Holsavatnet Openwater

Postet av Førde IL - Symjing den 30. Jul 2022

Denne lørdagen vart Holsavatnet openwater arrangert for fyste gang. Det var tilreisande fra Drøbak symjeklubb som var arrangørane bak denne nyskapinga her i vest.  

Starten var ved 4H møteplassen ved stranda i vest enden av Holsavatnet, og ein symde ein distanse på ca 1100m. Førde symjaren Øystein Erland var raskaste deltkar, og symde distansen på rett under 18 minutter. Det var ingen andre deltakarar frå Førde IL Symjing.

Det var heilt fantastisk å symje der. Både været og temperaturen var perfekt. Så får vi sjå om det kan være mulig å få til å skape fleire slike arrangement til neste år. Utesymjing er ein viktig del av symjinga for å kunne kalle seg ein symjar. Ein blir ikkje ein fullverdig symjar før ein mestrer det å symje ute. 

Førde IL Symjing arrangerer ein open water og vannpolo leir på Nesholmen 19-21 August, og der kan ein melde seg på ved å klikke på linken info og påmelding 




Historisk helg for symjeklubben.

Postet av Førde IL - Symjing den 19. Jun 2022

Denne helga vart skrevet inn i historien som den helga da vi debuterte med klubbens første vannpolo lag, og vi stilte til start på UM open water med tre utøvere. 

Det var seks deltagere på Beach polo laget vårt. (Beach polo er vannpolo med 4 spillere på en liten bane) laget vårt hadde ingen kamp erfaring. Vi viste at vi stilte sterkt på svømme fart, men mangler all erfaring med kamper. Vi starter første kampen heilt fantastisk og vinner stort over Larvik. I neste kamp mot Sørumsand, så går vi på ett tap, men reiser oss i tredje kamp mot Stavanger og vinner den. I siste kamp møter vi Namsos, og dei blir noen hakk for gode og vinner stort over oss. Vi kvalifiserer oss til bronsefinalen, og skal møte Stavanger i den. Det blir en meget spennende kamp, og det skiller aldri mer enn to mål gjennom kampen. Tilslutt vinner vi kampen om bronsen med ett mål. Førde sin debut i beach polo blir altså belønnet med medalje, og alle kan reise heim med bronse og kan titulere seg med Norges tredje beste ungdomslag i beach polo. Gjennom heile mesterskapet, så har alle på laget klart å skåre mål, og alle har fått spille masse. Vi har bytta litt på keeper plassen mellom Ludvik og Armandas, og Edvard var kaptein på laget. Spillerne var godt sliten etter bronsefinalen, men dei var meget glade over å ha klart å vinne den. Vi vinner på at vi har størst svømmefart, også lærer vi underveis meir og meir korleis kampforløpet går. Dette var gøy, og vi kommer tilbake.

På bronselaget er fra venstre: Armandas Belaglovis, Eirik Snilstveit, Petrikke Monsen, Ludvik Guldhav, Edvard Aamot og Teodor Fink.

Samtidig så deltar også tre av våres beach polo utøvere på UM open water. Det er Armandas Belaglovis(09), Petrikke Monsen(07) og Ludvik Guldhav(06). Dei skal alle svømme 3000m utendørs, og dei gjer sakene sine veldig bra. Armandas vinner gull, og er Norges raskeste ungdoms utøver i open water i den yngste klassen. Petrikke vinner sølv i den eldste jente klassen, og Ludvik vinner bronse i den eldste gutteklassen. Det var absolutt ikke forventa at vi skulle ta medaljer i open water, men vi hadde håp om at det kunne være innenfor rekkevidde for noen. Så at alle skulle ta medalje var enormt stort. 

På bildet fra venstre: Øystein Erland, Petrikke Monsen, Armandas Belaglovis og Ludvik Guldhav.

Øystein Erland deltar i NM-Masters Open water som også er over 3000m. Han svømmer fortere enn forventa, og kjemper seg inn til en flott sølvmedalje. Målet var under 50 minutter for å kjempe om medaljene, og han svømmer inn på 45:59 til klar andreplass.

I Bergen, så har vi tre utøvere med der. Det er Sigurd Mathias Korsvoll(11), Kevinas Belaglovis(11) og Anders Scheflo(05). Anders svømmer godt på 50 og 100 rygg, og setter to nye klubbrekorder på kvar av desse distansane.  Anders vinner finalen på 50 rygg med tiden 28:92. På 100 rygg får han tida 1:03:39

Sigurd og Kevinas gjør også sine saker bra i langbane bassenget i Bergen, og Kevinas vinner 2 av øvelsane han starter i. Sigurd vinner 3 av sine øvelser. Desse to gutane bytter på å vinne nokre av øvelsane, så dei får også med seg fleire pallplassar og noen nye persar.




Årsklassemesterskapet 2022

Postet av Førde IL - Symjing den 6. Jun 2022

Zeekit Årsklassemesterskap (ÅM) 2022 er stemnet ein kvalifiserer seg til gjennom deltaking på LÅMØ, der dei 30 beste i landet etter dette får delta på ÅM. 

Vi hadde fire symjarar med på ÅM på Lambertseter denne helga. Dei leverte meget gode tider, og fleire av tidene var nye årsklasse klubb rekorder. Mathias Holme(08) og Even Bjørkhaug(09) kom begge inn på topp ti i sin årsklasse. Også Jenny Bjørkhaug (07) og Natalie Råheim (09) var med fra Førde. Dei gjorde sine saker veldig bra.

På bildet fv: Mathias Holme, Natalie Råheim, Even Bjørkhaug og Jenny Bjørkhaug


Jenny Bjørkhaug svømmer alle sine distanser på sterke tider som er rett bak egen pers. Hun ender på eit flott 28 plass i 2007 klassen. Hun leverer tider som er stabilt gode, og det er lenge siden klubben har hatt ei jente som er på hennes nivå på desse distansane. 

Mathias Holme leverer eit sterkt ÅM og ender tilslutt på ein meget flott sjetteplass sammenlagt i 2008 klassen. Mathias setter to nye LÅMØ/ÅM klubb rekorder i denne klassen. Han hadde 400 fri fra før som han forbedrer, men på 200 medley, så slår han Reinert Erland sin rekord med eit halvt sekund. Det var spesielt på bryst svømminga at han fekk det til å stemme på medley øvelsen. Mathias satte tre personlege rekorder. 

Natalie Råheim svømmer seg krafig opp på sammenlagt lista, og får ein sterk 19 plass. Hun setter ny LÅMØ/ÅM beste tid på 400 fri, svømt av ein symjar fra Sogn og Fjordane. Hun tar dermed også den siste klubbrekorden hun mangla i denne årsklassen, da hun tok 400 fri. Dermed har Natalie alle 13 års LÅMØ/ÅM klubbrekordane. 400 fri rekorden tok hun fra Vilma Guldhav. Natalie fekk to personlege rekorder. 

Even Bjørkhaug ender på ein meget sterk niande plass i 2009 klassen. Han setter 3 nye LÅMØ/ÅM tider som er dei raskaste tidene fra ein symjar i Sogn og Fjordane på 200 bryst, 200 rygg og 200 medley. 200 bryst tida var det Teis Haram Malterud som hadde fra 2011, så det seie litt om at det er mange som har prøvd seg på desse tidene i nokre år. 

Svømmarane fekk også tid til å nyte tigerstaden, og dei tok seg ein tur innom kongen sitt hus, for å ta eit bilde av kongane og dronningane i symjing fra Sogn og Fjordane. Alva Lote Midtbø(08) fra Eid (til venstre på bildet) deltok også på ÅM. Hun leverte også meget sterk svømming, og har no fire av dei raskaste tidene på LÅMØ/ÅM svømt av ein svømmer fra Sogn og Fjordane gjennom alle tider i denne klassen. Det er berre jenny Bjørkhaug sin 400 fri, at Alva var eit lite halv sekund bak hennes rekord.




Førdesprinten 2022 med tidenes stemning.

Postet av Førde IL - Symjing den 5. Jun 2022

Førdesprinten 2022 gjekk av stabelen i helga. Det var første stemnet etter pandemien der vi kunne invitere heile landet. Det kom mange svømmere fra nord og sør på vestlandet, og vi fekk ein utruleg god stemning i hallen. Vi hadde 13 klubbar på besøk, og med rekuttane, så var det ca 180 svømmere i hallen i helga. Både på minisprinten og Førdesprinten var det en meget god steming. Svømmarane heier på hverandre, og mange har med foreldre og venner som står på tribuna og heie. Til tider var lydnivået så høyt at flere holdt seg for øra, spesielt under stafettene som var meget spennende. Det var på damenes 4x50 fri på lørdagen at det tok fullstendig av på tribuna da Førde som låg litt bakpå etter dei innledende etappene sendte Sunniva Skrede Hallanger ut på tredje etappe. hun tok Førde heilt opp i teten forran Bergen Vest. Det holdt nesten for Førde, men på slutten så kom Bergen Vest og BSC forbi, og Førde sine jenter fekk ein meget flott bronse. Det er ingen som kan huske at det har vert så høyt volum  fra publikum på noen stemner, som det var under denne stafetten. 

Det samme gjentok seg på søndagen på 4x50 fri mix, da duellen stod mellom BSC og Eid. Daniel Vindfjell måtte ta igjen nokre sekunder på siste etappe, og med ny supermann badehette, så gjorde han jobben til stor stemning fra publikum.

Eidarane stakk av med to av beste utøvar premiene, Marcus Haus og Daniel Vindfjell fekk kvar sin, og for kvinnene vant Eva Ulstein fra Ytre Søre Sunnmøre Symjeklubb premien. Alle vinnarane fekk eit gavekort fra klubben på 500kr og ein superhelt badehette.

Førde sine utøvarar på 4x50 lag medley mix tok ny klubbrekord med tida 2:06:16. På laget var Anders Scheflo(05), Reinert Erland(04), Sunniva Hallanger(07) og Petrikke Monsen(07) (på bildet under) Dei tok også førsteplassen suverent på denne øvelsen ca 14 sekunder forran neste lag.

Det var mange veldig gode prestasjoner i helga fra Førde sine utøvarar. Blandt dei yngste så er det mange forbedringar av personlege rekorder, og nokre tar store steg etterkvart som dei lærer seg øvelsane og får til å disponere kreftene riktig. Det største individuelle øyeblikket var utvilsomt Sunniva Skrede Hallanger sin 50 fri, da hun endelig kom under 30 sekunder. Sunniva svømte inn på 29:47, og er dermed den første Førdejenta under 30 sekund på mange år.  

Førdegutane Anders Scheflo og Reinert Erland duelerte fleire gangar, og på 100 butterfly så var det ekstra jevnt. Der låg dei side om side heile distansen, og i mål skilte det berre eit par tideler. Reinert forbedra sin personlege rekord på denne øvelsen. Anders var rett bak egen pers.

Vi arrangerte også kretsdommerkurs fredag kveld, og der var det 8 deltakarar som gjennomførte kurset. På stemnet i helga var det tre av dei som gjennomførte alle 4 økter, og er no godkjent som kretsdommere.

Vi tar ikkje heilt ferie enda, det er nokre som skal til NM i beach polo og UM open water, og noken skal til AdO-cup. Også avsluttar vi før ferien med leir på Nesholmen 24-26 juni. Der er alle klubbar er velkommen. Sjå innbydelse på facebook sida vår på arrangementer. 




Nyhetsbrev vår 2022

Postet av Førde IL - Symjing den 4. Mai 2022

Det skjer mykje i Førde IL Symjing denne våren 2022.

Det har vore valgt nytt styre, der vi har fått ein ny leiar i Frank Holme. Resten av styret består av Greta Belaglovie, Lars Vegsund, Petrikke Monsen, Jenny Råheim og Harald Aamot. Dei fleste i styret er foreldre, men Petrikke tar over som svømmernes representant og er selv en aktiv 2007 modell. 

Svømmerne hadde også ein ettermiddag med Linda Stuhaug på matkurs. Idèen var at dei skulle få lære seg nokre enkle oppskrifter som dei sjølv kan lage. Fokuset var på noke dei kan ha i nisteboksen som kan nytast på skulen og mellom skule og trening. Det var kjempe populært, og svømmerne koste seg på kjøkkenet og laga masse mat. Vi ønsker at svømmerne skal ha eit sundt og godt kosthold, og vi prøver å legge inn litt sosiale ting i ny og ne der dei kan ha litt faglig utbytte også.

Symjeklubben var også representert på kompetanse helga i Oslo. Der var det faglig påfyll og ein god arena for å stifte fleire bekjentskap. Klubben har alltid som mål å være representert på alle konferansene til forbundet. Under kompetansehelga, så tok Øystein Erland også eit overdommer kurs. No skal han gjennomføre nokre økter som OD aspirant, for deretter å bli evaluert og godkjent til å praktisere som OD. Det gjekk berre ei veke, så var første økt gjennomført søndag på vårskvetten på Åstveit. Lørdagen samme helga var han delaktig på Bergen vannpolo sitt lag i vannpoloserien.

Vi forbereder oss også til Førdesprinten som går av stabelen første helga i juni. Det skal også være eit kretsdommerkurs samme helga i Førde, og vi har allereie rekrutert seks nye deltakarar her. Men det er plass til fleire, så vi håper å få opp dommerstanden i kretsen.

13-15 mai kommer Askøy vannpolo klubb til Førde på ein leir. Da skal vi også prøve den nye oppblåsbare vannpolo bana vår for første gang. Den skal også brukes på leiren vi planlegger på Nesholmen i juni. Det vil komme ca 30 deltagere fra Askøy til denne leiren i Mai, så vi gleder oss til dette.




Jugendsvøm i Ålesund

Postet av Førde IL - Symjing den 24. Apr 2022

Førde IL Symjing var representert i Ålesund på Jugendsvøm. Det var nokre av dei yngste som deltok der, og dei tok med seg omtrent alle førsteplassane i dei yngste årsklassane. 

Dei seks som deltok var fv: Kevinas Belaglovis(11) Armandas Belaglovis(09) Mathias Holme(08) Even Bjørkhaug(09) Emma Holme (11) Sigurd Mathias Korsvoll(11)

Fleire av symjarane våre setter sterke tider som er heilt i toppen av sine årsklasser i landet. Vi er meget fornøgde med fremgangen.  

Emma Holme (2011) var einaste jente på turen, og ho fortsetter å forbedre tidene sine. Hun satt også sin første tid på 100 butterfly med fine 1:47:33. Emma er allsidig, og forbedrer seg på fleire disipliner. Hun er ei som alltid gir 100% når hun er i vannet.

Symjarane er i ein fase der vi forbereder oss til ÅM og Førdesprinten. Det viser seg no at dei fleste Bergens klubbane tar turen til Førde i juni, så vi ser frem mot å endeleg få arrangere Førdesprinten slik det var før pandemien. 




Bergen Swim Festival 2022

Postet av Førde IL - Symjing den 3. Apr 2022

I helga var Førde IL Symjing representert på Bergen Swim Festival med fire symjarar. Her møter dei verdens beste symjarar. Det er kjempe motiverende å få svømme ilag med dei største stjernene, og å få sjå kor gode dei er og ta lærdom av ikkje berre korleis dei svømmer, men også korleis dei forbereder seg. 

Dei fire som var med fra venstre på bildet: Ludvik Guldhav(08), Anders Scheflo(05), Reinert Erland(04) og Mathias Holme(08)

Anders slo til med 4 nye klubbrekorder i langbane. Alle rygg øvelsene og 50 butterfly satte han klubbrekorder på. Han er den desidert beste ryggsvømmeren vi har hatt i Førde gjennom historien, og hadde det ikkje vore for at pandemien hadde satt ein brems for deltaking på langbane stemner, så hadde han nok tatt desse lenge før. 

Dei tre andre gutane får til nokre gode øvelser. Mathias deltok for første gang i AdO, og han fekk ein litt trøblete start, men satte mange gode tider. Han fekk bl.a ikkje varm opp i det store konkurranse bassenget, noke som viste seg på rygg svømminga på medley siden designet på taket i AdO er skeivt. Da svømmer man skeivt om ein ikkje har fått øve på dette. Likevell så svømte Mathias inn til mange gode tider som har bedre poengsum enn i kortbane, så dermed vart det eit bra stemne.

Ludvik og Reinert hadde eit par bra korte øvelser, men på dei lengre distansane, så svarte ikkje kropen like godt etter ein periode med sjukdom og skader. 




Landsstevnet 2022

Postet av Førde IL - Symjing den 20. Mar 2022

I helga har vi også vore representert på Landsstemnet i AdO med Mari Stadheim Eikenes. Hun deltok på seks øvelser, derav tok ho tre personlige rekorder. Mari forbedra seg på 25 rygg, 50 fri og 50 rygg. Alle desse øvelsene var på lørdagen.

Tradisjon tro, så er det alltid bankett på lørdagen på landsstevnet, og det blei ein liten fest til godt utpå kvelden, og med tidlig opp for å svømme på søndagen, så er man ikke alltid i toppform. Men kjekt er det uansett, og utrolig viktig med en god opplevelse. Mari er med for andre gang, og dette er absolutt årets høydepunkt av alle svømmestevner. 




Zeekit LÅMØ Vest 2022

Postet av Førde IL - Symjing den 18. Mar 2022

Årets Landsdels Årsklasse MØnstring (LÅMØ) ble tidenes beste LÅMØ for Førde il Symjing. Det starta på best mulig måte for Førde med heile tre medaljer første dag. Gullet til Sigurd Mathias Korsvoll er det første gullet til Førde siden 2014. Søskna Emma og Mathias Holme tok begge kvar sin bronse på sine øvelser på første dag.

Andre dag ble også enda en opptur. Kevinas Belaglovis tar eit overaskande gull på 400 fri og Sigurd følger opp med ein bronse på 100 bryst seinare på dagen. 

Tredje dag begynner med en spennende duell på 100 rygg der Kevinas og Sigurd svømmer side om side og i mål skiller det 4/100 i favør Kevinas. Han tar en flott bronsemedalje og Sigurd får fjerdeplassen.

Vi kan oppsummere med 2 gull, 4 bronse, 10 LÅMØ klubbrekorder, der fire av dei også er beste tider i sin årsklasse i Sogn og Fjordane. Vi har også 5 plasseringer blandt dei 6 beste sammenlagt etter alle fem øvelser. Tre utøver er direkte kvalifisert til ÅM i Juni, og ytterligere tre er veldig nære. Førde IL Symjing kom på sjette plass på klubboversikten i vest. 

Eid symjeklubb hadde også med fire symjarar, der Alva Lote Midtbø satte to nye bestetider svømte av ein svømmer fra Sogn og Fjordane gjennom alle tider på LÅMØ i 14 års klassen. Det var på 100 butterfly og 200 bryst.

2011 modellane svømte 50 butterfly på første dag og der starta Emma Holme med å svømme inn til bronsemedalje og ny personlig rekord med tida 42:65. Det er også den raskaste tida svømt på LÅMØ av ei jente i 11 års klassen i Sogn og Fjordane gjennom tidene. Emma får ein flott femte plass på 400 fri på lørdagen. Hun svømmer inn rett bak pers. På 100 bryst, så kommer hun inn rett bak pers også der, men også her setter hun likevell den raskeste tiden svømt på LÅMØ av ein kvinneleg symjar fra Sogn og Fjrodane gjennom alle tider. På søndagen svømmer Emma 100 rygg og perser med nesten fire sekunder, og får ein flott sjetteplass på denne øvelsen. På 200 medley, så svømmer Emma inn til ny pers og LÅMØ klubbrekord med tiden 2:29:99. Hun får også ein flott fjerdeplass på denne øvelsen. Emma får tilslutt ein meget flott fjerdeplass på total rankingen med 912 poeng.

Sigurd Matihas Korsvoll svømte inn til eit overaskande gull på sin 50 butterfly med tida 40:77. Han vant med 13/100 på nestemann, og dette er det første gulle siden 2014 for Førde. Sigurd persa med heile 8 sekunder. På dag to svømte Sigurd 400 fri og persa med 54 sekunder. Han svømte også 100 bryst, der han nok ein gang overraska og tok ein sterk bronsemadalje. På søndagen svømmer Sigurd og Kevinas side om side på 100 rygg, og Sigurd perser med ca 18 sekunder og tar en flott fjerdeplass bare 4/100 bak bronseplassen til Kevinas. Sigurd avslutter med ein 200 medley som gir han ein flott femteplass og pers med 19 sekunder med tiden 3:26:88. Sigurd får tilslutt ein sterk fjerdeplass sammenlagt, med poengsummen 695

På bildet er dei to medaljørene Emma Holme og Sigurd Mathias Korsvoll

Kevinas Belaglovis svømte også meget bra og satte personlig rekord med 7 sekunder, og kom inn på 47:83 som holdt til ein 8 plass. På dag to så klinker Kevinas Belaglovis til med gull på 400 fri med tida 5:56:57. Han ligger nokre sekund bak dei fremste i heatet, men fra 300 meter og inn, så har han størst fart, og vinner på oppløpet ein meget sterk seier. Han hadde så lyst på ein medalje, så han gav alt for å få det til.  På 100 bryst seinare på dagen, så perser han med 23 sekunder og får ein flott syvende plass. På søndagen så starter Kevinas med å vinne duellen mot Sigurd på 100 rygg, og han tar ein meget flott bronsemedalje på denne øvelsen og setter ny pers med 14 sekunder. Tida han får er 1:34:70. På 200 medley, så får Kevinas ein flott fjerdeplass, berre 1.1 sekund bak gullet. Han får tida 3:20:38 som er ein forbedring av pers med ca 20 sekunder. Han får tilslutt ein sterk tredjeplass med poengsummen 709.

På bildet i midten er Kevinas Belaglovis og mottar sin fortjente gullmedalje.

2009 modellane med Natalie Råheim på jakt etter en god tid og mulig ÅM plass, åpna friskt men fekk det litt tungt på slutten og kom inn rett bak egen pers med tida 5:28:22. På 100 bytterfly på lørdagen, så perser Natalie med 3 sekunder og får tiden 1:20:99, og får ein flott syvende plass. På 200 bryst, så svømmer hun inn rett bak egen pers med tiden 3:18:93. På begge disse øvelsene på lørdagen, så setter hun nye LÅMØ klubbrekorder i 13 års klassen. Søndagens 200 rygg kommer hun inn rett bak pers, men setter en ny LÅMØ klubbrekord med tiden 2:55:39. På 200 medley, så perser hun med ca 4 sekunder og setter også her ein ny LÅMØ klubbrekord med tida 2:51:50. Natalie får tilslutt ein flott ellevte plass på rankingen med 1645 poeng. Hun klarte akkurat ikkje ÅM kvalikken, men er ein av dei næraste reservene.

Teodor Monsen åpner litt rolig på sin 400 meter, han er nok litt usikker på formen etter å ha gjennomgått sjukdom rett før stemnet. Avslutter sterkt og kommer inn mindre enn ett sekund bak egen pers, med tiden 5:40:60. Teodor åpner lørdagen med 2 sekund pers på 100 butterfly. På 200 bryst seinare på dagen, så perser han også såvidt. Søndagens 200 rygg og 200 medley sitter ikke helt, men han har hatt ein flott helg med mye bra svømming. Han kommer på ein 19 plass sammenlagt med poengsummen 963.

Gabriel Amble jakter også på ein mulig ÅM billett. Han åpner litt roligt på 400 fri, men får opp farten ved passering 200, og avslutter på tida 5:21:48. Det er ein forbedring av egen pers med ca tre sekunder. På lørdagen så perser Gabriel på 100 butterfly og får ein flott sjuande plass med tida 1:19:06. 200 bryst er ikkje hans favoritt distanse, men han perser no med eit lite sekund der også. På søndagen så perser Gabriel med nokre sekund på både 200 rygg og 200 medley. Han avslutter LÅMØ med 4 perser og ein flott 12 plass sammenlagt med poengsummen 1154. Han er ein av dei første reservane til ÅM. 

Even Bjørkhaug er på jakt etter ein ÅM billett. Han åpner veldig bra og holder tempoet oppe heile vegen og gjer det veldig spennande om heat seieren på 400 fri. Han slår inn på ny pers med ca 17 sekunder med tida 5:03:26. Dette holder til ein flott 7 plass i denne klassen. På 100 butterfly så perser Even såvidt og kommer inn på åttende plass. På 200 bryst så klinker Even til med ein sterk sjetteplass og perser med 10 sekunder. Han kommer inn på 3:00:61 På søndagen så setter Even to nye LÅMØ klubbrekorder som også er tider som er de raskeste svømt av en svømmer fra Sogn og Fjordane i 13 års klassen. Han får 2:41:18 på 200 rygg, og 2:41:25 på 200 medley. På begge distansene så får Even en sjetteplass. Han får tilslutt ein sterk sjetteplass sammenlagt med poengsummen 1450. Han kvalifiserer seg også til ÅM.

I 2008 klassen har vi Vilma Guldhav på jentesida. Hun har en trøblete skulder, så vi forventa ikkje dei heilt store tidene fra Vilma. Hun svømmer likevell en god 400 fri, kommer inn ett stykke bak pers, men gjer ein god jobb. På 100 butterfly så avbryter hun løpet, og på 200 bryst så får hun en fin tid ikkje så langt bak egen pers. Søndagens øvelser deltar ikkje Vilma på pga skaden i skulderen. 

Sander Birkeland svømmer en flott 400 fri og setter ny pers med ca 9 sekunder og får 5:28:82.  på lørdagen så svømmer han 100 buttefly og 200 bryst rett bak egen pers. På søndagen så setter Sander ny pers på 200 rygg med ca 4 sekunder og får tiden 3:07:23. På 200 medley, så kommer han inn rett bak pers. Sander avslutter LÅMØ med ein flott 18 plass sammenlagt med 1018 poeng. 

Mathias Holme åpner i eit forrykande tempo på sin 400 fri og har bare gått ut i max fart. Han perser med 3 sekunder på første 100, og perser med 2 sekunder ved 200 passering. Han kommer tilslutt inn på meget sterke 4:36:01 som er en forbedring med 8 sekunder, og som er en LÅMØ klubbrekord i denne klassen og som gir han en fortjent bronsemedalje. På lørdagen så er Mathias klar for å kjempe om flere medaljer. Han svømmer ein forrykande 100 butterfly og kommer inn på sterke 1:06:26 som holder til ein sterk fjerdeplass. På 200 bryst så perser han med fire sekunder og kommer inn på 2:54:63 som gir han ein flott sjuande plass. Mathias svømmer ein god 200 rygg og perser med 5 sekunder og får ein flott åttende plass med tiden 2:36:47. På 200 medley, så kommer han inn på sterke 2:29:63 som gir han ein femte plass, berre eit lite halvsekund bak bronsen. Mathias får tilslutt ein sterk tredjeplass sammenlagt med poengsummen 1853. Han er også kvalifisert til ÅM.

På bildet er Mathias Holme med bronsemedaljen fra 400 fri.

I 2007 klassen har vi blandt jentene Jenny Bjørkhaug. Hun starter meget sterkt på 400fri og henger godt med ett stykke. Hun får det litt tungt midtveis, men tar seg fint inn på slutten og perser såvidt med ett lite sekund og får en flott åttende plass på denne øvelsen med tida 4:55:90. På lørdagen svømmer Jenny ein flott 100 butterfly, og forbedrer sin egen pers littegrann. Hun kommer inn på tida 1:16:48 På 200 bryst, så svømmer Jenny inn under 3 minutter for første gang, og får tiden 2:58:52. På søndagen så svømmer Jenny inn til ny pers på 200 rygg med tida 2:42:12. På 200 medley, så svømmer hun inn til ny pers med tida 2:40:45 som er en forbedring med ca 3 sekunder. Jenny får ein flott fjortande plass med 2118 poeng. Hun kvalifiserer seg også til ÅM. 

William Sebastian Wergeland er også på jakt etter en mulig ÅM bilett. Han fikk virkelig satt opp farten på 400 fri og forbedra seg med heile 30 sekunder, vinner sitt heat med 21 sekunder på nærmeste og svømmer inn på tida 4:40:23 Han avanserte 7 plasser utifra påmeldingstida si. William fekk det ikkje heilt til på 100 butterfly og kom inn eit lite sekund bak pers, men på 200 bryst så klinka han til med ein meget sterkt sjetteplass med ny pers på tida 2:46:79 som er forbedring med 21 sekunder. På 200 rygg så perser han med heile 10 sekunder og får tiden 2:32:30. Han avslutter en flott helg med enda en pers på 200 medley med tiden 2:31:52. William får tilslutt ein flott 13 plass med poengsummen 1799. Han er også ein av dei første reservane til ÅM.

I 2006 klassen har vi ein deltager. Det er Ludvik Guldhav. Han har ikkje fått trent heilt optimalt pga skader, men får likevell til en grei 400 meter. Litt tungt på slutten, men kommer inn rett bak egen pers med tida 4:53:45. På 100 butterfly og 200 bryst så perser Ludvik med ca 1 sekund på begge, og må sei seg fornøgd med lørdagens tider. På søndagen så perser Ludvik med 5 sekunder på 200 rygg, mens han på 200 medley kommer inn rett bak pers. Ludvik avslutter LÅMØ med tre perser og ein 18 plass sammenlagt med 1781 poeng.





Vårduppen på Eid 2022

Postet av Førde IL - Symjing den 6. Mar 2022

Første stemnet på våren var på Eid. Vårduppen som vi alltid er med på med dei fleste symjarane vart også denne gangen ein skikkelig god team tur med mykje sosialt samvære. Vi overnatta i Eidahallen, der det vart spelt håndball på kvelden og andre aktiviteter. Stemnet er ein god opplevelse for dei yngste, og dei litt eldre får kjenne litt på formen inn mot LÅMØ og andre stemner. 

Vi hadde også to debutanter denne helga. Maja Sofie Helgås Helleseth(10) og Rebekka Sund Engelsen(11). Rebekka svømte rekrutt lørdagen, men iløpet av lørdags kveld ble vi enige om at hun skulle få svømme approbert søndagen. Begge svømte meget bra, og fekk mange tider på fleire øvelser. 

På bildet fra venstre: Maja Sofie og Rebekka

Av dei andre approberte, så var det mange flotte presatsjoner. Mathias Holme(08) kom seg under 3 minutter på 200 bryst for første gang, og persa med ca 10 sekunder på 200 medley. han leverte også ein rykande 100 butterfly, og har funnet en flyt der som han kan utvikle videre. Han kom inn på 1:09 på denne øvelsen. Mathias sikter mot medaljene på LÅMØ, og om han holder seg frisk, så skal dei andre få noken å sjå opp for i 2008 klassen. 

Godt å sjå Sunniva Skrede Hallanger(07) tilbake i bassenget også etter en lengre stemne pause. Hun forbedra seg på 5 øvelser, og var med å spre masse god stemning i gruppa. 

Heile troppen som var med på Eid. 

Søndagen starta med 800 fri der Sunniva gjekk hardt ut. Hun ble litt for tidlig stiv, så det ble en tung runde, men forbedra tida si med 33 sekunder. Guttane Even Bjørkhaug(09) Mikal Eriksen(09) og Sander Birkeland (08) svømte også inn til nye personlige rekorder på 800. 

Vi hadde også med oss nokre få rekruttar, og her har vi ein stor jobb å gjere med å motivere foreldre og rekruttar til å reise på stemner. 

Førde stilte også med 4 dommere på stemnet, og her må vi også sette inn eit støt på å rekrutere fleire dommere. Vi trenger absolutt fleire, ellers blir det vanskelig å arrangere stemner. 




LÅMØ kvalikk 2022 i Bergen

Postet av Førde IL - Symjing den 12. Feb 2022

Førde IL Symjing stilte med 10 symjarar i Bergen i helga. Stemnet var for dei som var født mellom 2011 og 2006. 

I 2011 klassen var det Emma Holme og Sigurd Mathias Korsvoll som symde. Sigurd får satt sine første tider på 200 medley og 400 fri, og er dermed kvalifisert til LÅMØ seinare i vår. Sigurd tar andreplass på alle øvelsane på dette stemnet. Emma svømte inn til seier på 400 fri, og forbedra sin personlige rekord fra forige helg med 5 sekunder. På 100 rygg tok Emma tredjeplassen, med ny pers også der. På 200 medley og 50 butterfly tar hun også seieren, med en bitteliten forbedring av pers på 50 fly. På 100 bryst, så får Emma en tredjeplass. Desse to 2011 svømmerne har vist at dei kan hevde seg heilt i toppen i sin årsklasse, så vi gleder oss til fortsettelsen utover våren.

I 2009 klassen var det Natalie Råheim, Even Bjørkhaug, Teodor Monsen og Gabriel Amble. Natalie svømmer en 400 fri rett bak egen pers, men perser på 200 fri underveis. På 200 rygg så forbedrer hun persen sin og kommer under 3 minutt for første gang. Ny tid er 2:54:69 som holder til tredjeplass. Tredjeplass får hun også på 100 butterfly, selv om hun svømmer litt bak pers. Even gjør sine saker veldig bra og imponerer med fem nye personlige rekorder. To av persane er på deldistanser underveis. Han får tredjeplass på 400 fri andreplass på 200 medley, 200 bryst og 200 rygg, og stikker av med seieren på 100 butterfly med tiden 1:19:50. På plassen bak på 100 butterfly kommer Gabriel med tida 1:20:29 som også er ny pers.  På 400 fri forebedrer han seg med ca 3 sekund. På dei  andre øvelsane svømmer han inn rett bak pers. Teodor starter med å forbedre seg på 200 medley. på 200 bryst og 100 butterfly er han litt bak pers. På søndagen perser han på 400 fri og 200 rygg. På denne øvelsen kommer han under 3 minutt for første gang.

I 2008 klassen har vi med Mathias Holme og Sander Birkeland. Mathias får en bitteliten pers på 200 bryst, men på dei andre distansane er han litt bak pers. Sander perser på 200 medley og kommer under 3 minutter for første gang. På dei to andre distansane lørdag får han det ikkje heilt til å stemme og pådrar seg ein disk på 200 bryst. Søndagen kommer han like bak pers på 400 fri, men avslutter dagen med å forbedre seg på 200 rygg.

I 2007 har vi med dei to jentene Jenny Bjørkhaug og Petrikke Monsen. Jenny får ein tredjeplass på 400 fri der hun svømmer rett bak egen pers. På 200 rygg tar hun en flott andreplass, bare eit lite sekund bak sin ferske pers fra forrige helg Jenny er også rett bar egen pers på 200 bryst og på 100 butterfly forbedrer hun seg med ca 1 sekund. Jenny får også tredjeplass på desse to øvelsane. Petrikke fortsetter fremgangen sin fra forrige helg og perser på 400 fri, 200 rygg og 200 medley. hun har jobbet meget godt og målretta på trening, og det viser igjen på resultatene på dei siste stemna. På 400 fri så åpner hun meget sterkt, og setter standaren i heatet fra bane 2. Hun får følge av svømmeren i bane 1, men på slutten så trekker hun ifra og tar en sterk heat seier.

På bildet: Petrikke Monsen på vei inn til heat seier.

    

Klubben har pr no 14 svømmere klare for LÅMØ, så får vi sjå når fristen går ut korleis det ser ut da. Vi er stolte over at vi i fleire år på rad har vore godt over 10 stk til LÅMØ.





Årdalstemnet 2022

Postet av Førde IL - Symjing den 6. Feb 2022

Vi tok turen til Årdalstemnet med ein stor gjeng. Vi hadde med oss 19 approberte og 15 rekruttar. Rekruttane våre er kjempeflinke, og vi ser at vi kjem til å ha god tilvekst til den approberte gruppa dette året. Mange som banker på døra til å bli approberte, og dei som var med for første gang har gjort ein god innstats. 

Dei approberte har levert meget gode tider til tross for at det ikkje var lagt heilt opp til at dei skulle være i noen topp form. Vi hadde med oss fem gutar som var med som approbert for første gang. Det var Andreas Råheim(12) Filip Farsund Hafstad(11), Sigurd Mathias Korsvoll(11), Styrk Vegsund(11), og Andreas Øen(09). Alle klarte seg meget bra, og fekk mange gode tider. Noe få disk må ein påberekne når ein er ny i gamet. 

Jentene leverte meget bra, og slo til med to nye klubbrekorder på stafettene. 4x50 fri med laget Vilma Guldhav(08), Petrikke Monsen(07), Natalie Råheim(09) og Jenny Bjørkhaug(07). Dei svømte inn på tida 2:07:04. På 4x100 fri med laget Natalie, Petrikke, Emma Holme(11) og Jenny, så svømte dei inn på 5:11:23

På bildet fra 4x100 fri laget: bak: Petrikke og Emma. Framme: Natalie og Jenny

Emma Holme leverer meget gode tider tross den unge alderen. Hun svømmer seg høyt opp på den foreløpige rankingen til LÅMØ, og ligger i skrivende stund på andre plass sammenlagt i sin årsklasse. Emma forbedrer seg med nesten 40 sekunder på 400 fri og 25 sekunder på 200 medley. I tillegg så leverte ho ein 50 fri som gnistra, der ho kom inn på 38:52 

Vi har trent mye på kick i vinter, og det viser igjen på mange flotte forbedringer spesielt på 100 butterfly. Både jentene og gutane forbedra sine tider der, ganske mye. Petrikke Monsen forbedra seg med 8 sekunder, Jenny Bjørkhaug med 3 sekunder, og Natalie Råheim med 10 sekunder. Også gutane forbedra sine 100 fly tider, deriblandt William Wergeland(07) som forbedra seg med 9 sekunder og gav Mathias Holme(08) kamp heilt inn på målstreken. Det skilte berre 29/100 tilslutt.  

Kevinas Belaglovis(11) fekk godkjent sine siste tider han mangla for å være kvalifisert til LÅMØ Vest, så da kan han forberede seg til det. 

Reinert Erland(04) og Hans Fredrik Laache(SR) er dei eldste på gutesida. Dei leverte begge veldig gode tider, og Hans Fredrik forbedra sin egen personlige rekord på 50 butterfly, og var berre 3/100 bak klubbrekorden. Reinert forbedra seg på 100 bryst og kom for første gang under 1:10 på denne distansen. Han svømte også 200 fri, og forbedra seg med 6 sekund på denne. 

Det var mye god svømming på alle sammen, og mykje å være stolt av. For å sjå resultatene fra stemnet, så kan ein klikke her Årdalstemnet resultater





Nye instruktører i Sogn og Fjordane

Postet av Førde IL - Symjing den 16. Jan 2022

Vi arrangerte eit begynner instruktør kurs i Førde no i helga, og har utdanna sju nye instruktører til klubben. Det deltok også fire fra andre klubbar/skular i kommunen. 

Vi er veldig glade for at vi har så god tilgang på instruktører, og vi er veldig godt fornøyd med kurslærar Marte Hordnes. Hun har vert hos oss mange ganger, og kjenner klubben etterhvert godt. 

Det er viktig for klubben å utdanne nye instruktører. Det gir oss bedre kvalitet på kursa, og instruktørane får eit godt verktøy i bagasjen til å utføre jobben sin som instruktør. 

Det var også med ein lærar fra ein annan kommune. Tilbakemeldingen er jo som vi ofte får høre, at alle lærere burde hatt dette kurset som obligatorisk i sin lærer utdanning. Sandane fekk også utdanna to nye instruktører, og ein fra Florø var også med.